Sjå også kommentarfeltet
I Svenska Dagbladets nettutgåve fredag 1. mars finn vi ein tittel vi aldri har sett maken til: Bibliotek kan få ny roll – i totalförsvaret: ”Kulturkrig” (bak betalingsmur, men ein har då bibliotekkontaktar også over Kjølen). Det handlar om den nasjonale svenske bibliotekstrategien som blir lansert torsdag denne veka. Bloggaren får dessverre ikkje høve til å følgje han opp før i neste veke, men dei mange som absolutt bør vere interesserte i Noreg kan sjå på SVT 2 torsdag kl 15.15–16.00.
Dei som har lese denne bloggen dei siste par åra har fått med seg ein god del om svenskestrategien. Arbeidet har pågått i over to år, og det er noko mykje meir ambisiøst enn dei norske strategiane, som mest handlar om Nasjonalbiblioteket sine oppgåver. Den svenske vil famne om alle bibliotekatypar, frå skolebibliotek, via folke- til fag- og forsking.
SD intervjuar blant anna Joacim Hansson, professor i bibliotek- og informasjonsvitskap. Han er klår på at strategien tar utgangspunkt i bibliotekets demokratiske rolle. Eit stikkord er kampen mot falske fakta, men her er dette også konkretisert til biblioteka sine bidrag i verklege krisesituasjonar, frå terror til miljøkatastrofar, då desinformasjon og kaos vil spreiiast aktivt frå ulike kjelder.
Hansson (ein kjend person for lesarane av denne bloggen) har vore sentral i referansegruppa og seier ifølgje SD at strategien handlar om …
« … att tydligt formulera bibliotekens samhällsuppdrag. Joacim Hansson menar att det bland annat ska ses i ljuset av de senaste decenniernas utveckling där biblioteken placerats i det han beskriver som en nyliberal logik; framgång har mätts i utlåningssiffror och ekonomiska termer snarare än värdet för lokalsamhället.
– I samband med att hela den offentliga sektorn rört sig i nyliberal riktning har det i många delar av offentlig sektor uppstått ett behov av att peka ut en demokratisäkrande riktning. Här handlar det om att placera hela bibliotekssektorn i ett brett, och delvis nydefinierat samhällsperspektiv, på ett sätt som man kanske inte gjort på länge.»
Dette kan verke som ovmot i n-te potens for biblioteket som vi kjenner det i dag. Rett nok har arrangementa blitt fleire dei siste åra, men lån av skjønnlitteratur er «fortsatt primæraktivitet» ifølgje den norske nasjonalbibliotekaren. Særleg etter at Google «tok over» det meste av informasjonsbiten. Ei slik omlegging vil setje verkeleg store krav til både medieressursar, medrekna behovet for reell Open Access, og til utdanning og rekruttering til yrket.
Utopisk?
Om ein ikkje heng seg for mykje opp i dei militære assosiasjonane, handlar dette om ei tydeleg dreiing mot kunnskapsbiblioteket. Noko som vil krevje store statlege innsatsar og utvikling og vedlikehald av statlege, sentrale tenester. Vi har mange gongar tidlegare peika på den danske kunnskapstenesta Faktalink.dk.
Ei utfordring for ein så offensiv nasjonal bibliotekstrategi vil truleg bli møtet med kommunepolitikarane. I alle fall i Noreg har alle krefter, nasjonale og lokale, understreka at folkebiblioteket primært er eit lokalt ansvar. Sentrale føringar av alle slag sit svært langt inne. Derfor handlar vel også dei norske strategiane mest om NB.
Men her på bloggen har vi sett noko som kan vere i slekt med den svenske nytenkinga: Med-bloggar Mikael Böök skreiv i 2013 boka «Biblioteksaktivisten», der han blant anna lanserte ideen om biblioteket som ein fjerde, global statsmakt. Det globale perspektivet sprengjer både hans finske, og svenske, og våre norske, nasjons- og forestillingsgrenser for biblioteket. Fleire av Böök sine bokmeldarar ymta om utopiske tendensar, noko som også vil kome når den svenske bibliotekstrategien blir lansert. Med tida er kanskje kome for å drøfte utopiar?