Archive for april 11th, 2021

april 11, 2021

Ei betre teneste …

Bak betalingsmuren kan vi blant anna lese at «Det gjer kommunen fordi kommunedirektøren meiner dei tilsette treng meir tid til arbeid med vurdering og reorganisering av tenestene».

Vi skreiv her om dagen om fenomenet nytale og får her litt av den same kjensla, særleg når vi veit ein del om kor dårleg økonomi den nye storkommunen har slite med heilt sidan samanslåinga av Øygarden, Fjell og Sund kommunar.

Reorganisering av tenestene handlar vel her om at Øygarden er ein av fleire kommunar som i det siste har fusjonert biblioteka med innbyggjartorg/sørvistorg. Men, seier fungerande leiar for serviceavdelinga, Grethe Bergsvik:

«– Innbyggartorga har vore lite brukt. Difor går me ut og undersøkjer kva folk treng hjelp med og korleis dei vil ha den hjelpa. Mange ønskjer å greia seg sjølve med digitale løysingar, men det vil alltid vera nokre som ønskjer fysisk hjelp». Vidare heiter det:

«Innbyggartorga har politisk vore høgt profilerte, som garantistar for at den nye kommunen er fysisk tilgjengeleg for innbyggarane, også sør og nord i dagens Øygarden».

april 11, 2021

– En høy markedspris på kunnskap vil føre til underforbruk

Lars Egeland

Lars Egeland står i dag for eit oppsiktsvekkande oppslag om bibliotekas framtid – til å vere toppsak på nettstaden Liberaleren.no: «Bibliotek er framtidas institusjoner». Han utfordrer her nettstadens redaktør, Bent Johan Mosfjell, på hans eigen heimebane:

«Kunnskap som vare har noen spesielle kjennetegn: Du vet ikke verdien av varen før du har kjøpt den, og da er den allerede betalt. Det betyr at en høy markedspris på kunnskap vil føre til et underforbruk av kunnskapen. At flere får tilgang til kunnskap, reduserer ikke varens verdi for den enkelte. Det vil si at samfunnet har interesse av at forskningsresultater som ofte er utvikla for offentlige midler, blir delt og gjort tilgjengelige for mange. Dette er i stort ideen bak et allment undervisningssystem og et allment biblioteksystem».

Og vidare blant anna: «Jeg skrev nylig en artikkel der jeg prøvde å oppsummere hva kostnadene ville bli om jeg ikke hadde biblioteket, men måtte kjøpe tilgang til de artiklene som jeg brukte som kilder i skrivingen min. Prisen kom på over 3000 kr, i tillegg kommer selvsagt alt arbeidet jeg måtte gjøre for å kjøpe hver enkelt artikkel».

Bakgrunnen var at Mosfjell i førre veke skreiv at «Biblioteker er ikke lenger nødvendig». Noko vi såvidt orka å kommentere her på bloggen. Takk for at du orka, Lars. Svaret ditt blir no lett synleg for ettertida i bloggrulla nede til høgre.