Archive for ‘Barske Bibliotekarar’

mars 16, 2023

Fire år i fengsel for biblioteksjef?

Vi skreiv akkurat om lite modige bibliotekarar i samband med IFLA-skandalen som pågår. Men frå Michigan, USA, les vi no om ein biblioteksjef som kan risikere fire år i buret om ho ikkje fjernar teikneserieboka Gender Queer: A Memoir frå hyllene. Og det vil ho ikkje. Boka var den mest omdiskuterte i USA i 2022 og handlar om forfattarens sin oppvekst og korleis hen blei medviten om å vere ikkje-binær, og ho inneheld illustrasjonar av seksuelle handlingar.

Lokalavisa skriv at «Dette trugsmålet om strafferettsleg klage på eit bibliotek truleg er det første i delstaten, og er ei opptrapping av kulturkrigane som har spreidd seg rundt folke- og skolebiblioteka i Michigan det siste året».

Biblioteksjefen seier boka står i vaksenavdelinga, men det er ikkje bra nok for dommaren, for der meiner han ungdomane kan kome til. Dei færraste biblioteka i staten har eigne område for «obskøne» bøker der barn og ungdom ikkje kjem til.

The Washington Post hadde nyleg ei større sak frå ein nasjonal bibliotekkonferanse med 2000 deltakarar i New Orleans der denne typen sensur var temaet. Dei skriv at «bibliotekarar som avviser bokforbod har blitt truga, trakasserte, saksøkte, sparka og stempla som «groomarar» og «pedofile» på sosiale medium».

september 22, 2021

Dordei i hundre!

Tok sjansen på å låne dette frå Knut Olav Åmås sin twitterkonto

>> Nytt 5.1.23: Dordei Raaen gjekk bort 18. desember 2022, 101 år gamal.

Litt forseinka: 17. september 2021 var det eit heilt spesielt bibliotekarjubileum. Dordei Nesheim Raaen blei 100 år. Frå artikkelen om henne i bibliotek-delen i Lokalhistoriewiki (no er det blitt 65 bibliotekar-artiklar der):

«Hun var den første fagutdannede bibliotekaren i en landkommune og en klassisk folkeopplyser. Særlig arbeidet hun for å spre leseglede blant folk flest. … I 1949 ble hun sjefsbibliotekar ved Odda bibliotek, der hun arbeidet til hun gikk av med pensjon i 1984. Da hun kom til Odda, var biblioteket på 100 m2, men etter sterk lobbyvirksomhet fra Raaen, ble biblioteket tildelt 750 m2 i rådhuset. Her var det lesesaler, barneavdeling og studierom, og utlånstallene gikk rett til værs».

Ho flytta til Stavanger i 2020, og, ifølgje Vårt Land: «Hun stortrives i Solvang omsorgsboliger».

Vi kan leggje til at Dordei i alle fall frå 1970-talet og utover var ein framifrå samtalepartnar for den dåverande unge generasjonen av progressive bibliotekarar her i landet. Ein gong trefte vi henne og tok ein kaffi saman på Oslo S, der vi venta på kvart vårt tog. Toget hennar gjekk først, og det var ikkje vår skuld at ho berre såvidt nådde det.

Frå saka i A-magasinet i 2015

Les om henne og biblioteket som ho styrte i fleire tiår i Odda. Og alle dei framifrå Odda-forfattarane som ho inspirerte frå før dei kunne lese:

Gratulere med dagen som var!

PS: Jaggu på tide at ho kjem med i lista vår over Barske bibliotekarar!

april 24, 2021

Tomm Kristiansen om bibliotekbrannen

Det har vore mange byråmeldingar om den tragiske brannen i Cape Town som blant anna ramma The Jagger Reading Room ved biblioteket ved University of Cape Town. Men ingen kan vel skrive så personleg og nært om denne hendinga, dette universitetet og dette biblioteket som Tomm Kristiansen på Khrono.no i dag. I alle fall ikkje på norsk. Han har vore der blant anna for å intervjue André Brink.

Kristiansen skriv også om dette universitet sin trass mot apartheidregimet ved at dei også immatrikulerte svarte studentar. Under sterk motstand frå styresmaktene, men likevel: «UCT ble en bastion for den intellektuelle kampen mot raseskilleideologien. Sensur var en viktig del av regimets grep om makten. Det var endog forbudt å trykke bilder av Nelson Mandela. Det ble likevel gjort. …

read more »
februar 2, 2021

Ein dedikert formidlar

Canfora talar under den årlege markeringa i 2008. Foto: Badagnani (CC BY-SA 3.0)

The New York Times viste 16.1. den nyleg avdøde 71 år gamle bibliotekaren Alan Canfora respekt med eit større oppslag både på nett og papir. Canfora via livet sitt til å samle, granske, organisere og formidle kunnskap om éi einaste hending: «The Kent State Shooting», der Ohio sin Nasjonalgarde 4. mai 1970, under ein antikrigsdemonstrasjon på universitetet, drepte fire studentar og skada ni andre. Canfora var sjølv sentral i demoen og ein av dei skadde. Massakren utløyste demonstrasjonar med i alt fire millionar studentar og betydde mykje for den vidare utviklinga av motstanden mot USA si krigføring i Vietnam og seinare til US-amerikansk tilbaketrekking og slutten på krigen i 1975. 

Men Canfora gav seg ikkje. Han organiserte ny informasjon om massakren etter kvart som han blei avklassifisert.

Han søkte heile tida svar på spørsmåla: Kven gav ordren til å skyte? Og kvifor? Og kvifor blei ingen funne skuldige? Og under ein gjennomgang i 2007 av eit arkiv på Yale-universitetet oppdaga han …

read more »
desember 11, 2020

Ein av dei barske

Trond Minken har her mottatt prisen Årets bibliotek 2011 på vegner av Buskerud fylkesbibliotek

Norsk Bibliotekforening ved Vidar Kvalshaug har i «innstikket» i Bok og Bibliotek nr. 5 gjort eit intervju med Trond Minken når han no pensjonerer seg. Lillehamringen som blei drammenser oppsummerer blant anna at «en av sorgene jeg har, er at jeg ikke har fått bearbeidet mer tankegods. Det har gått i hyrten og styrten, multi-tasking. Mye har bare duppet på overflaten». Men no får du tid til tenking og kanskje skriving, Trond?

På spørsmål vedgår han at han «aldri har vært redd for autoriteter». Mange av oss kan stadfeste dette. Så figurerer han også på heiderslista her på bloggen over Barske Bibliotekarar. I staden for å lenke direkte til der vi skriv om Trond sin kanskje barskaste prestasjon, rår vi dykk til å lese om alle dei 16.

november 23, 2020

Bibliotek for filosofisk interesserte kurdiske flyktningar …

… og andre leselystne og kunnskapstørste flyktningar og huslause i Athen. Forlaget Verso har ein artikkel på bloggen sin om den venstreorienterte, fleirspråklege bibliotekbilen ECHO som køyrer rundt 400 km i veka til 11 stopp i og utanfor den greske hovudstaden der det finst flykningleirar. Nokre stader kjem dei ikkje inn; dette er kontroversielt i dagens Hellas. Dei baserer seg på spreidde løyvingar, bokgåver og frivillige. Du kan også støtte dei økonomisk.

PS: Det står at dei har fått bøker frå «a closing multilingual library in Sweden». Det må vere Internationella biblioteket i Stockholm som dei lokale styresmaktene presterte å dele opp og rasere i fjor. Då skreiv vi om dette og andre aktuelle bibliotek-trugsmål og kampmetodar i den svenske hovudstaden.

november 18, 2020

12.11.: Bibliotek i Nairobi «tar saka»

Etter Mikael Böök sin engelskspråklege versjon av innlegget om IFLA og Gates-stiftinga er vi blitt tipsa om eit bibliotek i Nairobi, Kenya, som fredag kl. 18 norsk tid skal ha ein Zoom-debatt om matpolitikk og genmodifisering (GMO), og der Bill & Melinda Gates Foundation vil vere i skotlinja.

I presentasjonen heiter det: «Some Scientists and multinational corporations like Bayer and Bill and Melinda Gates Foundation have claimed that GMO is the answer to the crisis of starvation in Africa. This has been contested by activists and peasant farmers who claim that GMOs have
no proven record of reducing hunger, undermine farmers sovereignty to own seeds, control the production process and produce quality food and worse still, have carcinogenic effects that have exacerbated cancer infections and death in Africa».

Biblioteket heiter The Ukombozi Library (ukombozi = frigjering) og er ikkje eit vanleg offentleg bibliotek. Det kallar seg Kenya’s First Socialist Library og har tilknyting til Rosa Luxemburg Stiftung. Utan å vite for mykje om rettstilstandane i Kenya per i dag, vil vi tru dette er ganske barske bibliotekarar.

juni 9, 2020

Framsynt pirat-pliktavlevering

Skjermbilde 2020-06-09 07.07.47Marion Stokes, radikal bibliotekar, forkjempar for sosiale rettar, tv-produsent, feminist og Apple-fan, starta 4. november 1979 opptak av US-amerikanske tv-program. Og slutta ikkje før ho gjekk ut av tida trettitre år seinare. Det blei 71 716 VHS-kassettar. Bakgrunnen hennar for denne private «pliktavleveringa» var uro over falske fakta i media.

No er første generasjon digitalisering av samlinga til Stokes i gang hos Internet Archive, noko vi kan lese om på bloggen deira. Samtidig som det er laga ein dokumentarfilm om dette: Recorder: The Marion Stokes Project.

Marion Stokes er med dette oppnemnt til Barsk Bibliotekar nummer 16 her på bloggen.

januar 3, 2020

Politisk alvor på biblioteket

Skjermbilde 2019-12-27 20.42.56

Streikehistorisk i Klassekampen 21. desember 

No er det stille på bibliotekfronten, men vi fekk auge på eit par trådar som viser seg å løpe saman på eit vis. Det handlar om uredde bibliotekfolk. Og nokre i heilt motsett ende av skalaen.

Først går vi femtieitt år attende i tida: I desember 1968 arrangerte biblioteksjef Adolf Henriksson i gruvebyen Malmberget i Nord-Sverige ei utstilling av Odd Uhrbom sine fotografi i reportasjeboka “Gruva”, med tekst av Sara Lidman, om dei umenneskelege arbeidstilhøva ved gruvekonsernet LKAB der nord i landet. Lidman var på opninga og las frå boka. Der og då fekk biblioteksjefen stukke til seg eit ark med nokre hemmelege rasjonaliseringplanar for gruvene. Han hengte desse etter kvart ikoniske «31 tesane» opp på utstillinga. Dagen etter var dette i Stockholmsavisene. Noko som var med å leggje grunnen for den største gruvestreiken nokon gong i Norden.

Henriksson er ein av denne bloggen sine Barske Bibliotekarar. Og her kjem den femtande barske bibliotekaren:

Vi er ved årsskiftet 2019-20 og finn blant anna i Aftenposten at leiarar for det kinesiske skilandslaget har bedt om at biblioteket i Meråker fjernar «kinesisk litteratur biblioteket har. Blant bøkene de ønsket fjernet er en bok om Falun Gong-bevegelsen.» Denne filosofien og meditasjonsteknikken har vore forbode sidan 1999 i Kina. Kinesarane er i Meråker der dei blir trena av norske ekspertar, som ledd i den store oppmjukinga av tilhøvet til Noreg etter at Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris. Vi hugsar jo pingpongdiplomatiet på 1970-talet

Biblioteksjef Anne Marken fekk vite «at hvis noen av de kinesiske skiløperne blir tatt med disse bøkene, er de redd for at de risikerer arbeidsleir eller fengsel i Kina.» Likevel avviser biblioteksjefen dette presset og viser til ytringsfridomen og biblioteklova.

leiarplass i VG får ho godt skussmål, til skilnad frå Erna Solberg:

read more »

juni 26, 2019

CIA på bibliotekmøtet

I fleire medium i USA, blant anna på Common Dreams, kan ein lese om protestane mot at CIA fekk ha ein stand under bibliotekforeininga ALA sin store årskongress som fann stad i Washington DC helga som var. Eit forslag om utestenging fekk likevel ikkje fleirtal, med grunngjevinga at CIA ville bli nekta ytringsfridom…

Intitiativtakar til protesten var Alison Macrina, som alt er ein av dei Barske Bibliotekarane her på bloggen (sjå nr. 3). Ho argumenterte med at «Everything they stand for is a violation of the values of librarianship.» Og med at det finst ein viss tradisjon for rekruttering av bibliotektilsette til hemmeleg overvåking for styresmaktene. Noko vi skreiv om tidlegare i år, sjå avsnittet «Biblioteksporet i røynda». Då handla det rett nok ikkje om CIA men FBI.

juni 9, 2019

Barbro Steensby Bolonassos (1949 – 2019)

Skjermbilde 2019-06-09 13.48.40Så er Barbro gått ur tiden, så altfor tidleg. Ein verkeleg framifrå, prisvinnande svensk bibliotekar og aktivist, særleg for det fleirkulturelle biblioteket. Ei som vi utan atterhald for nokre år sidan førte opp på lista vår over Barske bibliotekarar. Fleire kollegaer i Noreg kjende henne, og vi hadde gleda av å gjere henne kjend for endå fleire gjennom eit større intervju i Bibliotekforum i 2010. Mora hennar var norsk, frå Eidsvoll, jf mellomnamnet, mens det greske fekk ho frå Vassilis, ektemann gjennom 43 år, også ein kollega.

Sjå også på Bis-bloggen.

januar 31, 2019

Dokumentar: Kvinnenes biblioteknettverk i Andalucia

I høve av 25-årsdagen for dette biblioteknettverket og eit eige dokumentasjonssenter er det laga ein dokumentar, som også ligg på Youtube, med blant anna ein gjennomgang av den nyare historia til dei feministiske biblioteka i Spania. Så langt vi forstår.

Tankekross: Kor mange feministiske bibliotek finst det her i landet?

januar 4, 2019

Det provoserande biblioteket

Vi har ei påbegynt kåring her på bloggen av Barske Bibliotekarar. Tru om ikkje biblioteksjefen i Taunton i Somerset, UK, bør med på lista, med dette arrangementet der ei ekte Drag Queen les LGBT-relaterte forteljingar for førskoleungar!

september 20, 2018

Ikke-voldelig bibliotekmakt

zalt bingVi fortsetter å dryppe litt fra Mikael Bööks bok Biblioteksaktivisten, som nylig er utgitt i Sverige, fem år etter førsteutgaven i Finland. Her tar han fatt i et sjeldent stykke norsk bibliotek-sci-fi (!), nemlig Krøniken om stjerneskipet Alexandria, fire frittstående romaner for barn og ungdom skrevet av Jon Bing fra 1975 til -85 (er de virkelig ikke pensum ved alle verdens bibliotekutdanninger?!). Böök skriver:

read more »

august 13, 2018

Helt i hundreogtjueseks

Den viktige indiske bibliotekguruen Ranganathan, også kjent for biblioteklova over alle biblioteklover, ville vært 126 år i går. Noe som feires hvert år, særlig i hjemlandet.

Her på bloggen er han tidligere nevnt i to artikler.