I Stratford i London innførte dei for nokre år sidan «palleutlån» av bestseljarar
Marianne Bjørneboe skriv ein tosiders i Klassekampen i dag (31.1.19) om «Kulturpoulismen i NRK». Om korleis NRK etter kvart liknar dei kommersielle konkurrentane i mangt og mykje.
Men gjer vi ikkje det i folkebiblioteket også?
Det skjer mykje bra innan kunst og kultur, men der NRK aldri er. Til dømes: «Hvorfor er det ikke kommet i stand et samarbeid mellom Nasjonalbiblioteket og NRK, når de her sitter på så mye verdifullt og har utstillinger og arrangementer for utsolgte hus?»
Godt poeng. Ein måte å få fram biblioteket sitt potensial på, medrekna «debattbiblioteket».
I høve av 25-årsdagen for dette biblioteknettverket og eit eige dokumentasjonssenter er det laga ein dokumentar, som også ligg på Youtube, med blant anna ein gjennomgang av den nyare historia til dei feministiske biblioteka i Spania. Så langt vi forstår.
Tankekross: Kor mange feministiske bibliotek finst det her i landet?
Som det kan låte i Østfold. Bloggaren har den siste tida vore aktiv med foredrag for Bibliotekarforbundet i Oslo (vi tar gjerne slike oppdrag! For ein ganske billeg penge), reportasjar for Bibliotekaren nr. 4 om store og litt mindre bibliotekkriser i Storbritannia og Danmark (eller på papir/pdf side 17-23). Pluss intervju same stad. Og vi er blitt intervjua om liknande ting på Norsk Bibliotekforening sine sider i Bok og bibliotek nr. 4, 2018 (kjem vel snart nedi her).
Og på heimvegen kan du stikke innom Malmö 12. februar og på universitetet der lære det viktigaste om moblisering av «Afro-Brazilian and Native-Brazilian women to engage with and develop technology against social inequalities and racism».
Takk til Genosse Magnus og kamrat Sylvia. Det er fint å ha vener med litt andre horisontar. Sjølv om vi desse vekene er bundne til dei heimlege snøfonnene. Men andre kan jo dra. Og skrive om det. Velkomne.
Når vi no står midt i tumultane omkring Atekst noterer vi i eit nyheitsbrev frå Norsk Bibliotekforening at dei har forhandla fram for medlemmane studentpris på abonnement på Klassekampen og rabatt på Morgenbladet.
Om nokre aviser kan kallast viktige når det gjeld biblioteksaka, er det desse. Sjølv om begge med ujamne mellomrom har skandaleoppslag om kassering av bøker.
På heimesida har NBF enno ikkje oppdatert desse medlemsfordelane, men det kjem sikkert snart.
Nytt 1. februar: Nei, heimesida er ikkje oppdatert, og NBF har no meldt på fagforumet biblioteknorge at «avtalen er dessverre ikke på plass ennå. Dette kan ta opptil flere uker».
For eit par veker sidan hjartesukka vi høgt her på bloggen om nesten-kollapsen til Atekst: Dei store aviskonserna har pressa Atekst til å leggje inn 48 timars forseinking på artiklane deira. Frå før har Dagens Næringsliv hoppa heilt av, og til dømes Dag og Tid og Morgenbladet har innført forseinking på ei veke eller meir.
Klassekampen tok saka 18. januar, men noko lys i tunnelen var ikkje å sjå. Avisene opplever no Atekst som ein alvorleg konkurrent, særleg når dei no tar i bruk stadig høgare betalingsmurar, annonsesalet går ned og dei må leve av å selje abonnement. Men som på den akademiske tidsskriftfronten er det dei små og fattige som får svi. Statsetatar, mediehus og advokatkontor har råd til abonnement på dei enkelte avisene, mens til dømes frivillige organisasjonar og frilansarar, som underteikna, har ikkje tjangs. Når nytta er blitt så lita, må vi seie opp abonnementet ved første høve og heller satse på gode venar som har den og den avisa.
Til dei tapande partane høyrer også biblioteka. Til Klassekampen seier bibliotekaren Lars Egeland, nestleiar i Norsk bibliotekforening og læringssenterdirektør ved OsloMet:
Søkeboksgenrator var eit heilt nytt ord for oss og gav både vage og sprikande assosiasjonar, innan vi las eit innlegg om det på Nasjonalbiblioteket si side for Bibliotekutvikling.
Alle bibliotek bør få seg ein eller fleire slike på heimesida, med søk i lokalavisa/ene og liknande. Men med ei forklaring om kva ein gjer når den blå handa set stopp for vidare lesing.
Nei, så oppdaga vi samtidig at den blå handa er vekk på dei utilgjengelege bøkene, avisene osv. i bokhylla.no, til dømes dei som er nyare enn 2000. I staden ser vi dette auget, med splint eller bjelke eller noko sånt. Og ved klikking på boka får vi fulle metadata og ei betre teneste enn før.
Som her i landet, er bibliotek-skilnadene i Storbritannia store, typisk mellom (nokre) byar som i desse tider har det med å oppføre påkosta «signalbygg» og på den andre sida småkommunar med spreidd busetting, som slit med deltidsstillingar og små og lite eigna lokale. Noko vi også meiner blei tydeleg i Bibliotekaren nr 4 i fjor. Gode bibliotek blir meir og meir eit by-fenomen.
Tweeten nedanfor frå Liverpool viser eit slikt typisk avvik frå det som vi her på bloggen har skrive om bibliotekkrisa i landet. Liverpool har eit fantastisk renovert hovudbibliotek som vi vitja for to år sidan. Og tok ein del foto.
The stats have been counted and verified and we can reveal that we had over 880,000 of you through our doors in 2018. Our busiest year as a library yet. So thank you, the many, many, many of you visited. We are thrilled to bits. Here’s to even more in 2019. pic.twitter.com/b5lt2gKQlS
Vi har både elektrikar og røyrleggjar i familie eller nær omgangskrins og må vel vedgå at vi har hatt fordelar av dette no og då. I (det avkorta) oppgjerets time har vi som bibliotekar tilbode vår form for bonus, altså heimlån av bøker – heilt gratis! Men utan å tru at nokon ville ta det som noko anna enn fleip. Dei har anten alt vore lånarar eller har trengt sterkare påtrykk enn som så.
Men i New York tok biblioteket dette skjemtet i bruk på Black Friday no i haust. Ifølgje nettstaden PR Week skrapa dei saman sponsormidlar til ein heilsides annonse i The New York Times med bodkapen vi ser over desse linjene. Og fekk 32 prosent fleire innmelde enn same dag året før, ti tusen likes og eitt tusen delingar og ei mengd positive tilbakespel frå PR-folk og andre som likte parodien på detaljhandelen sine perverse utsal.
Fredag i førre veke tok vi toget til Bergen og fanga inn dette frå vindauget like før Hønefoss. I denne låven på Ask gard (ofte kalla gods; jf det pompøse slottet til venstre), oppbevarte Universitetsbiblioteket i Oslo, i eigenskap av nasjonalbibliotek, over 5000 hyllemeter med bøker. Ordninga varte frå ca. 1969 til magasina til det nye Nasjonalbiblioteket var ferdige i Mo i Rana tidleg på 90-talet. Låven er 6 mil frå Oslo. I 1986 var det slike magasin også på
Når no først bloggaren er på Voss stasjon, på veg heim med Bergensbanen, kan han unne seg å minnast at han på perrongen her, for første og einaste gong, 24. oktober 1987, i ovmot, veksla nokre ord med diktaren Olav H. Hauge. Og skrøyt av eit av dikta hans. Truleg var det Det er den draumen (flott dikt, men det som 99 prosent ville valt). Han svara høfleg og blidt. Han venta på nokon med toget frå Bergen. Kven? Kan Bodil C. ha vore ute på noko? Skal sjekke i dagbøkene hans (for ei gullgruve!)
For vår del var dette etter ein bibliotekkonferanse på Voss, truleg om videokassettar i biblioteka, som var hot då. Togturen mot Oslo bar mest preg av Brann-tilhengjarar som skulle til cupfinalen på Ullevål. Mot Bryne. Stemninga var nok ikkje så høg på toget heim. Bryne vann 1-0 etter skåring av Kolbjørn Ekker i første ekstraomgangen.
Her på bloggen har vi eit stikkord med namn Kuriosa. Med utgangspunkt i ein notis i Vårt Land i dag legg vi, under tvil, til som kuriosa informasjonen om det nystarta idrettslaget i Vatikanet. Og at “atletene består av medlemmer av Sveitsergarden, som er pavens livgarde, nonner, prester, munker og farmasøyter, samt en 62-år gammel professor som jobber i Vatikanets bibliotek.
Dei tilsette i det leiande Elsevier-tidsskriftet Journal of Informetrics har ifølgje Inside Higher Education kollektivt hoppa av og etablert eit Open Access-tidsskrift på det same fagfeltet.
Det har skjedd før, i 2015, då dei tilsette i Lingua skapte overskrifter ved å seie opp og starte tidsskriftet Glossa.
Det er ikkje biblioteket denne gongen, men reportasjen hadde gitt meining også om “Narvesen” hadde vore bytta ut med “bibliotek”. Mykje er likt når det gjeld lagnaden til lokale møteplassar. Og no gjeld det nedlegginga av Narvesen sin kiosk i Volda. Jon Hustad gjer i vekas Dag og Tid ein thriller av dette faktumet. Skjer det fleire stader i landet?
Medieprofessor Henrik Bastiansen er også intervjua: “Det store skiftet er … digitaliseringa. Alle teknologioptimistane bør no konfronterast med dei naive tankane dei stod i spissen for då dei hevda at teknologiseringa og Internett ville betre den offentlege samtalen og styrkja demokratiet.”
No har det skjedd, ikkje overraskande: Nokre av dei viktige avisene har reforhandla og Atekst har måtta innføre 48 timar forseinking. Som ein ser, er treffa i til dømes Aftenposten, Bergens Tidende og Dag og Tid blitt “bleike” og uopnelege.
For ein bibliotekbloggar med ambisjonar er dette krise. Til dømes: Kva står i Aftenposten i dag om sal av Deichman?? Det er likevel ein ting å gjere: Bloggen må få seg ei støttegruppe av folk og bibliotek som har slike viktige aviser, på papir eller nett, og som no og då kan ta imot e-postar eller SMS herfrå og sende oss artiklar eller foto av artiklar. Vi oppretter ei enkel nettside, kan hende i Google Keep, der vi legg inn konkrete behov i ei liste og der bloggvenane kan huke av når artikkelen er ekspedert.
Meld dykk på til frilanders @ gmail.com og skriv om de har særleg Aftenposten, Bergens Tidende, Adressa, Nordlys og Dagens Næringsliv. Og Kommunal Rapport!