Today I split up a fight, answered enquiries re copywright law, MP surgeries, software engineering & market profiles and dealt with a piss soaked public toilet. Volunteer anyone?#iamalibraryworker
Apropos britiske tilhøve: Bloggaren har i haust for Bibliotekarens nett- og papirutgåver gjort intervju i Storbritannia (s. 4-7) og i Danmark med bibliotekarar, bibliotekvenar og tillitsvalde. I tillegg intervjua Bibliotekarens redaktør oss om våre eigne synspunkt (s. 17).
Ein nyttårslovnad skal ein ha. Så etter sytten år som sakshandsamar som nærmast aleine redda salige Statens bibliotektilsyn frå brot på 25-prosentregelen, etter mange år som nynorskjournalist for Bok og bibliotek og seinare for Bibliotekforum, etter år som frilansar, mest på nynorsk, etter at barnebarnet no går på nynorskskole på tredje året og er glad i å chatte med morfar, og etter at vi i haust blei med i interimstyret i tidenes første Moss mållag, går denne bloggen frå å vere ein bokmålsblogg til å bli ein blogg på nynorsk (men svensk når Mikael Böök skriv).
Ei ulempe vil vere at søk i bloggen på til dømes «kommunane» eller «kommunene» vil bli ufullstendig, men det kan løysast ved å trunkere: «kommun*». Fleirtal av «bibliotek» har på bloggen til no (til irritasjon for nokre) vore radikalt bokmål: «biblioteka». Frå i dag blir det det same, men nynorsk. «Bok» i bestemt form eintal har alltid vore og skal framleis vere