Frå i dag blir det nynorsk

Skjermbilde 2019-01-02 20.28.55

Fjell folkeboksamling gjev klåre meldingar

Ein nyttårslovnad skal ein ha. Så etter sytten år som sakshandsamar som nærmast aleine redda salige Statens bibliotektilsyn frå brot på 25-prosentregelen, etter mange år som nynorskjournalist for Bok og bibliotek og seinare for Bibliotekforum, etter år som frilansar, mest på nynorsk, etter at barnebarnet no går på nynorskskole på tredje året og er glad i å chatte med morfar, og etter at vi i haust blei med i interimstyret i tidenes første Moss mållag, går denne bloggen frå å vere ein bokmålsblogg til å bli ein blogg på nynorsk (men svensk når Mikael Böök skriv).

Ei ulempe vil vere at søk i bloggen på til dømes «kommunane» eller «kommunene» vil bli ufullstendig, men det kan løysast ved å trunkere: «kommun*». Fleirtal av «bibliotek» har på bloggen til no (til irritasjon for nokre) vore radikalt bokmål: «biblioteka». Frå i dag blir det det same, men nynorsk. «Bok» i bestemt form eintal har alltid vore og skal framleis vere «boka» (vi vaks opp berre to mil aust for Oslo 2, men har aldri sagt eller skrivi «bibliotekene» eller «boken»).

Ei viss ulempe er at utlendingar som les bloggen med Google Translate vil få endå meir tvilsame resultat, men underteikna er faktisk engasjert i eit forsøk på å gjere noko med dette. Følg med.

Som de alt har merka, blir det ein søraustnorsk variant, med blant anna kløyvd infinitiv.

Kategoriane eller stikkorda i skya borte til høgre gjer vi ikkje noko med. Dei som er reine bokmålsord får overleve.

4 kommentarer to “Frå i dag blir det nynorsk”

  1. Ja, ni norrmän har det nog lätt i jämförelse med oss finländare. Vad är 25-procentregeln mot vår språklag, som stadgar 100% för båda nationalspråken finska och svenska (åtminstone ifall kommunen är tvåspråkig)! Men så tycks ni å andra krångla till det «med blant anna kløyvd infinitiv».
    Hur som helst var det ett fint nyårslöfte. Själv har jag inte ännu avgett något nytt löfte för 2019. Det blev väl redan lovat tillräckligt ifjol…

  2. Anders! Du er vel eit fantastisk menneske!

  3. Nei, men det var jo triveleg. Meir nynorsk i bloggosfæren!

Leave a Reply