Archive for januar 3rd, 2019

januar 3, 2019

Biblioteket og offentlegheita

Det er tida for reprisar og årskavalkadar. Nettstaden Vox Publica oppsummerer 2018 når det gjeld «Offentlighet, tillit og opprør», lenkar til eit utval artiklar frå året som gjekk og spør seg: «Fungerer offentligheten? Hvordan står det til med tilliten til mediene?» Svara er ikkje berre oppløftande.

Ein institusjon som har stor tillit er biblioteket. Det ser ut til at dataspel, folkeverkstader (makerspace) og x-utlån (av verktøy, sportsutstyr osv.) er viktig for å få nye generasjonar til å bli trufaste bibliotekbrukarar, men biblioteka må ikkje gløyme å styrke og ny-tenke rolla si som kunnskapsformidlar og vernar mot falske nyhende og forsking.

Målet for framtida må vere at slike som Vox Publica også må ta med biblioteket når dei skal vurdere den norske offentlegheita.

Translate »