januar 8, 2019

Dette oppslaget fann vi i Halden bibliotek for nokre år sidan
Vi registrerer på Nettet at ein del norske bibliotek arrangerer quiz i biblioteket eller på pøbbar og liknande. I 2015 var blant anna NBF engasjert i eit forsøk på å gjere quiz vanleg i biblioteka. Men det ser ikkje ut til å skje mykje i dag, og der noko skjer, får vi inntrykk av at bibliotek gjerne hentar inn eksterne, røynde quizmasterar, både til å lage oppgåvene og halde styr på møta.
>> Bruk kommentarfeltet nedanfor om dette ikkje stemmer eller om de har andre røynsler å formidle til fleire.
Ekstern ekspertise kan vere positivt nok, men i USA er i staden quiz-verksemda nært knytt til bibliotekarkompetansen og integrert med referansetenesta*, skal vi tru ein reportasje i Library Journal:
read more »
Posted in Kunnskapsbiblioteket |
Leave a Comment »
januar 8, 2019
Kunstkritikar Tommy Olsson (som i Wikipedia også figurerer som «kunstner, kurator, kunstkritiker, musiker og selvutnevnt pornograf») har i Klassekampen i dag (på papir og e-abonnement) ei herleg dobbelside der han oppsummerer kunståret 2018. Det skjer med brodd mot tendensen at «godt voksne milliardærer … leker autoritetsopprør.» Med døme som at Christian Ringnes og Johan H. Andresen Jr leiker opprørarar med den digre, rosa dildonissen dei har erigert i ei rundkøyring i Oslo. Og som når ein kunstnar overraskande gjennomfører eigen-destruksjon av eit måleri straks etter at det får tilslag på over ein million pund hos Sotheby’s i London.
Nei, kunst-stunt skal risikere noko for deltakarane, meiner Olsson, som då Pussy Riots storma banen under finalen i fotball-VM i Moskva.
Verken litteratur eller bibliotek er ein del av dette hos Olsson. Men inn via twitter får vi brått noko som gjev liknande assosiasjonar, og då med tilknyting til bibliotek:
read more »
Posted in Minibibliotek, Privatisering Minibibliotek |
Leave a Comment »