Kunsten og biblioteket sett frå solsida

Kunstkritikar Tommy Olsson (som i Wikipedia også figurerer som «kunstner, kurator, kunstkritiker, musiker og selvutnevnt pornograf») har i Klassekampen i dag (på papir og e-abonnement) ei herleg dobbelside der han oppsummerer kunståret 2018. Det skjer med brodd mot tendensen at «godt voksne milliardærer … leker autoritetsopprør.» Med døme som at Christian Ringnes og Johan H. Andresen Jr leiker opprørarar med den digre, rosa dildonissen dei har erigert i ei rundkøyring i Oslo. Og som når ein kunstnar overraskande gjennomfører eigen-destruksjon av eit måleri straks etter at det får tilslag på over ein million pund hos Sotheby’s i London.

Nei, kunst-stunt skal risikere noko for deltakarane, meiner Olsson, som då Pussy Riots storma banen under finalen i fotball-VM i Moskva.

Verken litteratur eller bibliotek er ein del av dette hos Olsson. Men inn via twitter får vi brått noko som gjev liknande assosiasjonar, og då med tilknyting til bibliotek:

Ein velståande (etter fotoet av bustaden å døme) kunstnar frå Idaho, USA, har innreidd eit «bibliotek» i ein – tjukk – trestamme på tomta si. Ho kallar det «Little Free (Tree) Library», og det inngår altså i den nærmast verdsomspennande rørsla «Little Free Libraries» (LFL).

Vi skreiv om dette i 2017, etter blant anna å ha opplevd at dette private gründer-stuntet var «tatt inn i varmen» på årskongressen til ALA i Chicago, både med ein stor stand og med foredrag. Vi set liten pris på sånt og skreiv blant anna at «stort sett øvre middeklassefamilier setter opp [LFL] ved fortauskantene i de øvre middelklassebydelene sine for å demonstrere sin kulturelle kapital og veldedige sinnelag.»

Dette er berre ein av metodane for å undergrave det offentlege biblioteket. Sjå artiklane våre om minibibliotek.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: