Quiz som handfast bibliotek-PR

skjermbilde 2019-01-08 18.27.55

Dette oppslaget fann vi i Halden bibliotek for nokre år sidan

Vi registrerer på Nettet at ein del norske bibliotek arrangerer quiz i biblioteket eller på pøbbar og liknande. I 2015 var blant anna NBF engasjert i eit forsøk på å gjere quiz vanleg i biblioteka. Men det ser ikkje ut til å skje mykje i dag, og der noko skjer, får vi inntrykk av at bibliotek gjerne hentar inn eksterne, røynde quizmasterar, både til å lage oppgåvene og halde styr på møta.

>> Bruk kommentarfeltet nedanfor om dette ikkje stemmer eller om de har andre røynsler å formidle til fleire.

Ekstern ekspertise kan vere positivt nok, men i USA er i staden quiz-verksemda nært knytt til bibliotekarkompetansen og integrert med referansetenesta*, skal vi tru ein reportasje i Library Journal: «Folk forstår betre kva bibliotekarar gjer når dei ser oss gjere det», seier ein av bibliotekarane. «Dei veit at dei kan stille nesten alle slag spørsmål på biblioteket ettersom eg har stilt dei nesten alle slag spørsmål i quizen.»

Quiz kan også vere PR for samlingane. Som når ein lager spørsmål ut frå trykte bøker, til dømes fem titlar som er varsla om på førehand, eller ut frå fysiske oppslagsverk, som kan vere mykje grundigare enn noko ein finn på Nettet. Bibliotekarar kan også pedagogisk gje innføringar i å finne svar, undervegs eller til slutt.

*PS: Finst det eigentlig referansebibliotekarar i norske folkebibliotek i dag? For få år sidan var referansetenesta ei av søylene som haldt biblioteket oppe. Biblioteka hadde omfamna Verdsveven på midten av 1990-talet, og enkeltbibliotek og nettverk av bibliotek oppretta emneportalar på heimesidene der dei pusha nettinnhald av høg kvalitet. Berre for å leggje dei ned få år seinare. Sjølvsagt var det vanskeleg å konkurrere med dei hyperraske, men eigennyttige og utspekulerte algoritmene til Google.

I dag burde det vere muleg å lære bort meir avanserte og rettferdige søkemetodar og verktøy enn Google, jamfør Bærum bibliotek sin Nettguide.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: