Archive for januar 9th, 2019

januar 9, 2019

Folkebibliotek for folk

I Brooklyn, USA, har biblioteket innstilt seg på at den trumpske stenginga av diverse viktige etatar blir langvarig. Dei har gjort ei tematisk bokutstilling på heimesida: Books for a Government Shutdown.

Også romanar har fått plass. Men då er vi litt overraska over å ikkje finne den nærmast clairvoyante It Can’t Happen Here av Sinclair Lewis, som han skreiv i 1935.

januar 9, 2019

Kulturellkapitalistisk mosing av IKEA og stylistane

franske stockholm

Sjeldan har ei mediesak om bøker og bokhyller fått så stor merksemd som då NRK i dag signaliserte at «Nå skal bøkene stå feil vei i bokhylla». Vi har alt lenge reagert på at bokhyllene er vekke frå både dagleg- og eventuelle finstover. Men mens vi skriv går det opp for oss at sånn har vi det her heime også, rett nok etter at stovearealet blei meir enn halvert etter flytting for eit år sidan.

Men vi lanserer eit kompromiss: Bytt til franske bøker, så kan dei stå rette vegen. Som på fotoet som vi tok for nokre år sidan i Stockholms stadsbibliotek. Avdelinga for fransk litteratur er på midten av fotoet.

Og med utsikt til frankofil-stempel i tillegg skulle vi ha parkert endå fleire av bustadstylistane i Oslo 2.

Translate »