Archive for januar 15th, 2019

januar 15, 2019

Endå meir kuriøst

Når no først bloggaren er på Voss stasjon, på veg heim med Bergensbanen, kan han unne seg å minnast at han på perrongen her, for første og einaste gong, 24. oktober 1987, i ovmot, veksla nokre ord med diktaren Olav H. Hauge. Og skrøyt av eit av dikta hans. Truleg var det Det er den draumen (flott dikt, men det som 99 prosent ville valt). Han svara høfleg og blidt. Han venta på nokon med toget frå Bergen. Kven? Kan Bodil C. ha vore ute på noko? Skal sjekke i dagbøkene hans (for ei gullgruve!)

For vår del var dette etter ein bibliotekkonferanse på Voss, truleg om videokassettar i biblioteka, som var hot då. Togturen mot Oslo bar mest preg av Brann-tilhengjarar som skulle til cupfinalen på Ullevål. Mot Bryne. Stemninga var nok ikkje så høg på toget heim. Bryne vann 1-0 etter skåring av Kolbjørn Ekker i første ekstraomgangen.

januar 15, 2019

Berre litt kuriøst

Her på bloggen har vi eit stikkord med namn Kuriosa. Med utgangspunkt i ein notis i Vårt Land i dag legg vi, under tvil, til som kuriosa informasjonen om det nystarta idrettslaget i Vatikanet. Og at “atletene består av medlemmer av Sveitser­garden, som er pavens livgarde, nonner, prester, munker og ­farmasøyter, samt en 62-år gammel professor som ­jobber i Vatikanets bibliotek.

januar 15, 2019

Ein ny mytterist mot Elsevier

Dei tilsette i det leiande Elsevier-tidsskriftet Journal of Informetrics har ifølgje Inside Higher Education kollektivt hoppa av og etablert eit Open Access-tidsskrift på det same fagfeltet.

Det har skjedd før, i 2015, då dei tilsette i Lingua skapte overskrifter ved å seie opp og starte tidsskriftet Glossa.

Translate »