Archive for januar 23rd, 2019

januar 23, 2019

Gladnytt frå Liverpool

Som her i landet, er bibliotek-skilnadene i Storbritannia store, typisk mellom (nokre) byar som i desse tider har det med å oppføre påkosta «signalbygg» og på den andre sida småkommunar med spreidd busetting, som slit med deltidsstillingar og små og lite eigna lokale. Noko vi også meiner blei tydeleg i Bibliotekaren nr 4 i fjor. Gode bibliotek blir meir og meir eit by-fenomen.

Tweeten nedanfor frå Liverpool viser eit slikt typisk avvik frå det som vi her på bloggen har skrive om bibliotekkrisa i landet. Liverpool har eit fantastisk renovert hovudbibliotek som vi vitja for to år sidan. Og tok ein del foto.

 

 

 

 

 

januar 23, 2019

«The best deal you are ever going to find»

nypl gratis utlån

Vi har både elektrikar og røyrleggjar i familie eller nær omgangskrins og må vel vedgå at vi har hatt fordelar av dette no og då. I (det avkorta) oppgjerets time har vi som bibliotekar tilbode vår form for bonus, altså heimlån av bøker – heilt gratis! Men utan å tru at nokon ville ta det som noko anna enn fleip. Dei har anten alt vore lånarar eller har trengt sterkare påtrykk enn som så.

Men i New York tok biblioteket dette skjemtet i bruk på Black Friday no i haust. Ifølgje nettstaden PR Week skrapa dei saman sponsormidlar til ein heilsides annonse i The New York Times med bodkapen vi ser over desse linjene. Og fekk 32 prosent fleire innmelde enn same dag året før, ti tusen likes og eitt tusen delingar og ei mengd positive tilbakespel frå PR-folk og andre som likte parodien på detaljhandelen sine perverse utsal.