
Ikkje alt i avisene er like verdefullt, men …
For eit par veker sidan hjartesukka vi høgt her på bloggen om nesten-kollapsen til Atekst: Dei store aviskonserna har pressa Atekst til å leggje inn 48 timars forseinking på artiklane deira. Frå før har Dagens Næringsliv hoppa heilt av, og til dømes Dag og Tid og Morgenbladet har innført forseinking på ei veke eller meir.
Klassekampen tok saka 18. januar, men noko lys i tunnelen var ikkje å sjå. Avisene opplever no Atekst som ein alvorleg konkurrent, særleg når dei no tar i bruk stadig høgare betalingsmurar, annonsesalet går ned og dei må leve av å selje abonnement. Men som på den akademiske tidsskriftfronten er det dei små og fattige som får svi. Statsetatar, mediehus og advokatkontor har råd til abonnement på dei enkelte avisene, mens til dømes frivillige organisasjonar og frilansarar, som underteikna, har ikkje tjangs. Når nytta er blitt så lita, må vi seie opp abonnementet ved første høve og heller satse på gode venar som har den og den avisa.
Til dei tapande partane høyrer også biblioteka. Til Klassekampen seier bibliotekaren Lars Egeland, nestleiar i Norsk bibliotekforening og læringssenterdirektør ved OsloMet: