Archive for februar, 2019

februar 28, 2019

Hylling på hyllenivå

“Jeg har utviklet en religionshistorisk teori. Du vet disse sekulære akademikerne som later som om de er hedninger? Som ikke tror på noe? De røper seg. De tror alle på et evig liv. Det kan du bare se på bokhyllene deres.”

Knut Kjelstadli, 70, professor i historie, som selv har svært mange bøker, til Dagsavisen”. Men sitert frå Vårt Land.

februar 27, 2019

Mot normalt i EU-parlamentet?

M24 pusher ei NTB-melding i dag om at “et flertall på 16 mot 9 EU-parlamentarikere stemte for å godkjenne forliket da det kom opp til komitébehandling tirsdag. Dermed er alt klart for det endelige oppgjøret i plenum. Der vil avstemningen finne sted under sesjonen som løper fra 25. til 28. mars.”

Men vidare er det klårt at “Motstandere av de nye reglene satser nå alt på å vinne denne plenumsavstemningen, som under normale omstendigheter ville vært en ren formalitet.”

Det er ikkje fyrste, men heller ikkje siste gongen vi skriv om EUs opphavsdirektiv.

PS: Følg bloggen via epost, saman med p.t. 747 andre: Gå til kolonna til høgre og skriv inn e-postadressa di.

februar 27, 2019

Viktig om ytringsfridom og arrangement i biblioteka

Tidsskriftet Bibliotekaren nr. 1/2019 har nærmare tjue sider og seks artiklar om ytringsfridom, debattar i bibliotek, utleige av møterom til ulike “ubehagelige eller utålelige” organisasjonar. Aller viktigast er nok redaktør Bergans gode oppsummering av korleis biblioteka har takla det redaksjonelle, juridiske og praktiske i samband med utlån av møterom til “vanskelege” organisasjonar.

Det har vore lite dramatikk samanlikna med …

read more »

februar 27, 2019

Bibliotekets eigenart

Frå Moss bibliotek og ut

Dette kjem tydelegare enn nokon gong fram i denne annonseringa i dag av ein “biblioteksjefplakat” frå dei tre fagforbunda som organiserer bibliotekarar og Norsk Bibliotekforening. Initiativtakarane “har sett seg lei på at et økende antall biblioteksjefer opplever at de mister myndighet over eget fagområde eller at de blir tillagt andre fag- eller ansvarsområder som en utvidelse av biblioteksjefstillingen. Områder som i utgangspunktet ikke defineres som bibliotekfaglige kjerneoppgaver.”

PS: Her kunne ei eksempelsamling vore på sin plass. Eventuelt anonymiserte. Vi opnar for dette i kommentarfeltet nedanfor.

Dette dokumentet kjem i rett tid, for aldri har bibliotekfeltet vore så dynamisk, på godt og vondt. Ta berre dette med …

read more »

februar 26, 2019

Surprise! Det ER samanheng mellom mediebudsjett og utlån

«An Absence Of Conflicting Views Is Harmful To Social Processes And Leads To A More Superficial Democracy». Klikk og sjå fleire av Magnus Bjerk sine foto frå Deichman.

Folkebiblioteket i hovudstaden er alt ute med bibliotekstatistikken for i fjor, og i Dagsavisen i dag (26.2.) kan vi lese om auke både i besøket og utlånet: “I 2018 økte nemlig utlånet med 5,7 prosent. Av årsrapporten går det frem at tallet har vært nedadgående hvert år siden 2014. Resten av landet har også hatt den samme trenden.”

Og biblioteksjef Knut Skansen gjer det klårt at dette ikkje skjer tilfeldig:

read more »

februar 25, 2019

Fjernmagasin med smell

Er det berre eksentrisk eller egosentrisk eller også dystopisk (om Jorda går under osv.)? Første eksemplar av The Lunar Library skal landast på Månen i april i år. Dei mange milliardar bitane av kunnskap om Jorda er ekstremt komprimerte og lagra i fleire analoge og digitale format. Solsystemet skal “peprast” med mange fleire eksemplar, så sjansen aukar for at etterkomarane våre, eller andre, skal kunne finne eit av dei. Om dei er interesserte.

februar 25, 2019

Innteningskravet må vekk

Hovudoppslaget på kultursidene til Klassekampen 25.2. handlar om purregebyr eller ikkje i folkebiblioteka. Dei fleste som er intervjua har anten kutta det ut eller vurderer å gjere det, anten til barn eller også vaksne.

Nokre meiner likevel gebyr har ein funksjon og er i tvil om det rammar sosialt.

Mest tvilsamt meiner vi det likevel er at bibliotek må halde på gebyr fordi dei har pålegg om inntening. Sandnes, som viser til dette i ei bisak i avisa, er ikkje det einaste.

Dette blåruss-påfunnet frå 1980-åras tidlege New public management-epoke står i grell kontrast til heile bibliotekideen og til og med den blå-blå Granavolden-plattforma med dei mange godorda om lesefremming, skulle vi meine.

Biblioteksjefar som framleis slit med dette burde vel kunne få hjelp frå bibliotekorganisasjonane?

Saka i Klassekampen byggjer på ein artikkel i Bok og bibliotek nr. 1. Som igjen i stor grad byggjer på, og viser til, denne bloggposten vi hadde i desember.

februar 25, 2019

Radikal innkjøpsvri

Også i Klassekampen i dag: “Boldbooks-gründer Kristin Over-Rein [sendte] Kulturdepartementet et nytt forslag til innkjøpsordning for ny norsk skjønnlitteratur. … I forslaget blir det blant annet foreslått at bøker skal meldes på anonymt og at bibliotekene selv skal få bestemme hvilke bøker de vil kjøpe inn.”

februar 25, 2019

Det står ein bibliotekar bak alt

Dette er jo sjølvsagt. Ikkje eitt framsteg for menneska er gjort utan god kunnskapsorganisering.

Her eit døme frå dagens utgåve av Klassekampen (25.2.2019):

read more »

februar 23, 2019

I desse Gisketider

NRK.no etter budsjettlanseringa i 2007. Klikk og kik.

For ti-femten år sidan var det raudgrøne tider i regjeringskvartalet, også på kulturfeltet med eit motig, sjølverklært kulturløft. Og med Trond Giske som sjølve kulturløftministeren dei første fire åra. Men underteikna, då i eigenskap av nettredaktør i Norsk Bibliotekforening, hugser korleis han heile tida avviste NBF-leiar Anne Hustad sitt krav om eit meir presist og ambisiøst bibliotekløft. I budsjettlansering etter budsjettlansering parerte han det med lovnad om ei storveges bibliotekmelding. Noko også Knut Olav Åmås kommenterte i den minnerike kronikken Blålys for biblioteket. Men bibliotekmeldinga skulle ikkje stoppe den markante bibliotek-nedturen, trass i kulturløftet, ifølgje Anne Enger-utvalet i 2013.

Men dette skal skal også seiast om Trond Giske og biblioteksaka:

read more »

februar 22, 2019

Skolebibliotekutfordringar med meir

Håvard Rem skriv denne veka i Dag og Tid om masteroppgåva til Kristoffer Tyssøy Høisæther der lærebøkene i mellomalderhistorie for grunnskole og vidaregåande blir granska. Konklusjonen er kort fortalt som på denne forsida: Norske elevar lærer at europearane i mellomalderen var vonde og valdelege, medan muslimane var tolerante.

Professor Gjert Vestrheim går god for oppgava:

read more »

februar 20, 2019

Til Sira Myhre og Persen: Bibliotek treng ikkje slite med jamlege debattmøte

Skjermbilde 2019-02-20 22.01.17

Betre høyringar ved hjelp av biblioteket

Vi refererte tidlegare i dag til motseiinga som Klassekampen ville ha fram mellom arrangement i biblioteka versus litteraturformidling og lesefremming. Men alle bibliotek treng ikkje jamleg stresse med dei krevjande og dyre debattarrangementa. Berre å få tak i gode nok møteleiarar kan jo vere eit sant h… . Men biblioteka, kvart stort eller lite bibliotek i Noreg, kan bidra vesentleg også til andres arrangement, til dømes kommunale høyringar, med kunnskap rundt dei aktuelle tema, i form av førebuande bokutstillingar i biblioteket, tematiske lenkesamlingar på heimesida, i sosiale media og i epost direkte til dei involverte partane.

Her høyringar som er aktuelle rundt i landet akkurat no.

I lovproposisjonen, i merknaden til føremålsparagrafen, noko som er viktig i alle lovtolkingar, finn vi utdjuping av dette: «Både den fysiske og digitale møteplassfunksjonen og formidlingsansvar for alle typer medier, omfattes av loven ved at bestemmelsen holdes teknologinøytral.»

PS: Følg bloggen via epost, saman med p.t. 747 andre: Gå til kolonna til høgre og skriv inn e-postadressa di.

 

februar 20, 2019

5 år sidan lovrevisjonen: Dei gode debattmøta

Fem år har faktisk gått sidan føremålsparagrafen i biblioteklova blei utvida med setninga: «Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt.»

På denne bloggen har vi brukt ein god del krefter på å påvise at dessverre har det gjennomsnittlege norske folkebiblioteket likevel ikkje blitt eit aktivt «debattbibliotek». Det blei ikkje så mange «Debattar som det sprutar av» som NBF-leiar Mariann Schjeide ønskte seg. Berre 44 bibliotek, eller kvart tiande, arrangerte i 2017 ti eller fleire «samtale- og debattarrangement», slik det er definert i bibliotekstatistikken frå Nasjonalbiblioteket.

Men i høve jubileet, lat oss sjå på det positive:

read more »

februar 20, 2019

Møteplass eller formidling, utlån og lesing?

Klassekampen spør i dag, 20. februar, nasjonalbibliotekar Sira Myhre om satsinga på møteplass og debattar kan «ha gitt mindre plass til bøker og litteraturformidling?» Han svarer: «Forutsetningen for å kunne formidle litteratur er at det er noen i biblioteket, så det er en falsk motsetning. Mitt inntrykk er at det er svært få i Bibliotek-Norge som mener at denne satsingen går ut over utlån.»

Ørjan Persen frå Bergen og Bibliotekarforbundet er vel då ein av desse få, for han seier:

read more »

februar 20, 2019

Danske bibliotek med radio-/TV-planar?

I går blei det holdt eit «stormøde for kultur- og folkeoplysningsaktører» i København for personar, grupper og institusjonar som vil vurdere å gå saman om ein ny radio- og tv-kanal. Bibliotek er ein av desse, ifølgje bloggen til direktøren for Danmarks biblioteksforening. I det vi kan lese er museumsektoren mest tydeleg. Samvirkerørsla står også i kulissane. Vi kjem tilbake når vi veit mer.

NB: I DAB-Noreg kan dei høge konsesjonskrava vere eit hinder, har nokon sagt?

Her på bloggen har vi skrive ein del om bibliotek som publiserer og som bør publisere, men ser at vi enno ikkje har ein tagg til det. Det kjem om ikkje lenge. Men sjølve konseptet som fødte denne bloggen, Biblioteket-tar-saka, handlar om publisering.

Vi registrerer også at det skal vere ein stor IFLA-konferanse i Dublin om få dagar, der blant anna OsloMet framstår med to innleiarar. Men det kan dessverre sjå ut til å bli lite om folkebibliotek: IFLA Special Interest Group (SIG) on Library Publishing. Kan hende nokon skriv om dette når dei kjem heim?

 

Translate »