Archive for februar 1st, 2019

februar 1, 2019

Noko for Tarjei V.

Skjermbilde 2019-02-01 19.24.07Ei nettavis frå Pittburg skriv om eit russisk bibliotek av is ved breidda av Bajkalsjøen.

Om ikkje våren kjem brått, noko vi ikkje heilt trur på no, så får vi oss billett på den transsibirske for å risse inn heile Tarjei Vesaas sin roman Isslottet på bibliotekveggane. Det er slikt ein gjer i eit isbibliotek, før det utpå våren renn ut i sjøen og endar opp i Nordishavet. Kven blir med?

PS 1: Så ser vi at jaggu ligg ikkje …

read more »

februar 1, 2019

Framleis greit med privat bibliotekdrift?

skjermbilde2019-02-0112.51.00Denne gongen gjeld det Sverige, men les vidare likevel, for ein dag gjeld det oss:

Lena Lundgren frå Föreningen BiS har levert eit forslag til Svensk biblioteksförenings (SB) årsmøte med oppfordring om å utgreie «bibliotek med alternativa driftsformer». BiS har dei siste par åra kritisert SB for å vere likegyldige til privat drift eller bibliotek «på entreprenad», med eit anna ord: konkurranseutsetting. BiS kartlagde omfanget av dette i 2007 og 2001 og fann rundt tjue døme av privat drift, dei fleste der veneforeiningar har tatt over ein nedlagd filial, og eitt døme, den såkalla Dieselverkstaden i Nacka, der dei tilsette fekk tilbod om, og godtok, å drive biblioteket for kommunen, som eit føretak. Og no er det kjend at konsernet Axiell skal overta drifta av dei andre biblioteka i Nacka.

Lundgren krev at SB skal «belysa de olika aspekter som rör förhållandet till bibliotekslagen och övriga lagar som berör biblioteken, hur samarbetet mellan biblioteken, inom och mellan kommunerna, kan påverkas, samt möjliga konsekvenser om fler kommuner väljer att lägga ut biblioteksservicen på entreprenad.»