
På dei fleste pallane i verda er det ingen topp
Desse pallane har blitt noko av det viktigaste for oss norskingar, særleg vinterstid, så kvifor ikkje også rangere dei tre viktigaste blant dei mange bok-formata? Det gjer Anne-Britt Gran i kronikken i Klassekampen laurdag (sjå på nett hos BI), «Ipad-eksperimentet – Hvor kommer den fikse ideen fra, at digital teknologi skal trumfe all annen teknologi i klasserommet?» Gran er professor ved Handelshøyskolen BI og prosjektleiar av DnD – «Digitization and Diversity», der blant anna også Nasjonalbiblioteket deltar.
PS: Men kvifor finn vi ikkje meir enn ei fattig lenke til dette prosjektet på NB sine sider, eit prosjekt som alt har produsert relevante publikasjonar for bibliotekfeltet, blant anna rapporten «Digitalisering av bok og bibliotek»? Kan nokon som er på talefot med NB-toppane tipse dei om verdien av å formidle til det bibliotekfaglege miljøet? Apropos: Har nokon sett eller høyrt reaksjonar frå NB på til dømes saka vår om bibliotekstatistikken og bokhylla.no? Derimot har fleire andre gjeve konstruktive kommentarar.
Kronikken til Anne-Britt Gran, som inneheld mykje viktig, ligg ikkje på ope nett hos KK, så vi får vel avgrense oss til å sitere berre noko av det (avisa finst jo i biblioteket, ikkje sant?):