februar 8, 2019
Mens vi driv og terpar på at kunnskapsbiblioteket er daudt, dukkar det opp ei prosjektoppsummering frå Hemsedal, der ingen skulle tru at andre enn slalåminstruktørar og bartenderar kunne bu. Men der driv folkebiblioteket målretta sørvis til studentar. Av typen ganske fjern-, forstår vi.
Eit utval erfaringar:
- I løpet av prosjektet har me fått styrka kompetansen vår, slik at me er betre rusta til dette arbeidet.
- Dei fleste av studentane i Hemsedal er i jobb (ofte 100%) og svært mange av dei har i tillegg barn. Med den studentmassen me har er det difor ikkje arrangement og kurs som er det viktigaste å satse på vidare.
- … fleire studentar som ikkje kjende kvarandre har møtst og dette har ein stor verdi.
- Sidan midlane frå Nasjonalbiblioteket ikkje har kunna brukast til lønn, har dette ført til at arbeidet med prosjektet både har gått utover andre viktige oppgåver, samt at vi i periodar jobba alt for mykje.
Har vi høyrt det før? Vi kjenner ikkje kjønnssamansettinga til dei tilsette ved biblioteket i Hemsedal, men får assosiasjonar til …
read more »
Posted in Uncategorized |
Leave a Comment »
februar 8, 2019
>> Lenkene til mediedebatten om e-lydbøker som låg på botnen her er 18.2. flytta ei eiga side.
Under overskrifta «Begynnelsen på slutten for folkebibliotekene?» skriv no biblioteksjefane i dei største norske byane eit lesarinnlegg om særleg utfordringa med e-lydbøker. Vi fann det først i nettavisa iTromsø. Her les vi blant anna:
«Norske folkebibliotek har på vegne av sine brukere ventet på en avklaring av e-lydbøker i lang tid og vi trodde nå man var nær en løsning ettersom kulturministeren forsikret oss om at dette skulle bli en realitet for et års tid siden. … Men nå har forleggerforeningen stoppet forhandlingene om e-lydbøker fordi Kopinor har bedt Kulturministeren reversere forskrift om pliktavlevering. Kopinor vil heller forholde seg til EUs opphavsrettsdirektiv og Bernkonvensjonen enn norsk lov. Dette kan ende med at Nasjonalbibliotekets suksessfulle tjeneste «Bokhylla.no» rykker tilbake til start, ja faktisk at hele det norske litterære system blir endret for å tilpasse seg EU- direktiver.»
Det er ikkje med eit triumferande «kva sa vi!» at vi no minnar om dei mange åtvaringane våre om kor skjør bokhylla-avtalen er. Og det var heller ikkje tilfeldig at vi i fjor skreiv innlegg opp og innlegg ned om trugsmåla frå det nye EU-direktivet om opphavsrett.
Posted in Det digitale biblioteket, Lydboka, Opphavsrett |
2 Comments »
februar 8, 2019
Når det er verdskonferansar for bibliotekfolk kan sjølvsagt ikkje alt vere like fagleg tungt. Så til samrøyra i Athen i august i år innbyr dei til to timar med Library love stories. Av viktige spørsmål til drøfting er «Can we fall in love on both sides of a reference desk?» Men når såg vi eigentleg ein reinspikka referanseskranke sist?
Her på bloggen er vi jo mest opptatte av det som er trist og leit, så dette stemplar vi sjølvsagt som populisme og bibliotekpolitisk avsporing av verste skuffe. Men nokon kunne kanskje pushe på kollega Stig Holmås for litt relevant diktlesing?
Posted in bibliotekhumor, Det er fredag |
Leave a Comment »