Archive for februar 18th, 2019

februar 18, 2019

Leseliste om e-lydbøker

Debatten om dei elektroniske lydbøkene som finn stad no er eit sjeldan døme på at media nærmar seg eit verkeleg avgjerande spørsmål for biblioteka og ikkje berre kosepratar med kulturministrar som elskar barndomens bibliotek. Vi har derfor oppretta ei eiga side på bloggen der vi lenkar til alt vi finn i media. Pluss stoff om e-lydbøker meir generelt, til dømes frå grannelanda.

februar 18, 2019

E-lydboka: – Politikarane har verktøya

Skjermbilde 2019-02-18 15.31.19

Lars Egeland under høyringa

>> Oppdatering 18.2. kl. 21.25: Retting av lenka til videoen.

Høyringa på Stortinget om kulturmeldinga som vi varsla om i går er no ferdig. Norsk Bibliotekforening og Biblotekarforbundet tok opp viktige saker som e-lydboka og manglande statleg initivtiv til formidling av kulturfondbøker. I innlegga deira, som startar kl 14.34 i denne videoen, blei det ikkje sagt så mykje som det bibliotekfaglege miljøet ikkje kjenner frå før. Men då Åslaug Sem-Jacobsen frå Senterpartiet utfordra bibliotekarane til å seie noko meir om kvifor ein avtale om e-bøkene ikkje kjem på plass, minna NBFs nestleiar Lars Egeland om at politikarane har dei verktøya som trengst i verktøykassa: «Når ingen vil gå tilbake til forhandlingsbordet så må de bruke dei verktøya.» Egeland kjem frå fagbibliotek: «Fagblioteka er alt digitale. Papirutlånet utgjer jo nesten ingen ting, så dette handlar om å vri økonomien og lage i stor grad nasjonale løysingar, så kan også folkebiblioteka ha ei framtid.»

>> nytt 20.2.: NBF og Egeland utdjupar dette på heimesida 18.2.:

” … forlagene bør ha en plikt på å selge bøker i alle formater, om de ønsker å dra nytte av offentlig støtte på et av formatene. Derfor bør  f.eks. momsfritak på papirboka være knyttet til at de også vil selge boka som lydbok til biblioteket.

februar 18, 2019

Sverige: – Strøyming av e-lydbøker gjer fleire til lesarar

Skjermbilde 2019-02-18 13.11.44

Ikkje muleg lenger å skilje ein lesar frå ein musikk-fan

Rapporten Boken 2018 – marknaden, trender och analyser som Svenska Bokhandlareföreningen og Svenska Förläggareföreningen står bak, inneheld ein del interessant om lydboka. Vi har lese på skrå og funne blant anna dette sitatet av direktøren for BookBeat, ein av lydbok-appane i Sverige:

«Tillväxten av främst ljudböcker gör att bokmarknaden står sig stark i konkurrens med annan digital media som Spotify och Netflix och lyssnarna visar en ännu högre betalningsvilja för böcker, upptill 200 kronor per månad. Även grupper som tidigare kanske inte läste så mycket böcker har nu börjat lyssna. I snitt lägger våra användare cirka 20 timmar på ljudböcker, vilket motsvarar strax över två böcker, per månad. På ett helår blir det rätt höga siffror. Jag har svårt att se att det någonsin har funnits så många svenskar som lagt över 2 000 kr och 240 timmar på böcker per år som de gjorde under 2017. Känns som ett styrkebesked för hela branschen som är mitt i en stor omställning där vi inte bara konkurrerar mellan branschens egna kanaler».

Sjølv har vi nyleg, for ein femtilapp ekstra i månaden, oppgradert ein av desse straumetenestene til «Familie» og gjort ein av etterkomarane til relativ storlesar etter nokre år å lege under for tv-serie-syndromet. Og småbarns- tilsvarande …

Men dette skal altså biblioteka ikkje få vere med på.

PS: Ein skilnad mellom dei to grannelanda våre, som vi må sjå nærmare på, er at Noreg no må ha ein overetablering av fysiske bokhandlar, med typisk to kjedebokhandlar i kvart kjøpesenter, mens du til og med i storbyar i Sverige må leite lenge etter ein skikkeleg bokhandel. Sånt har nok innverknad på lesevanane.

Translate »