Archive for februar 20th, 2019

februar 20, 2019

Til Sira Myhre og Persen: Bibliotek treng ikkje slite med jamlege debattmøte

Skjermbilde 2019-02-20 22.01.17

Betre høyringar ved hjelp av biblioteket

Vi refererte tidlegare i dag til motseiinga som Klassekampen ville ha fram mellom arrangement i biblioteka versus litteraturformidling og lesefremming. Men alle bibliotek treng ikkje jamleg stresse med dei krevjande og dyre debattarrangementa. Berre å få tak i gode nok møteleiarar kan jo vere eit sant h… . Men biblioteka, kvart stort eller lite bibliotek i Noreg, kan bidra vesentleg også til andres arrangement, til dømes kommunale høyringar, med kunnskap rundt dei aktuelle tema, i form av førebuande bokutstillingar i biblioteket, tematiske lenkesamlingar på heimesida, i sosiale media og i epost direkte til dei involverte partane.

Her høyringar som er aktuelle rundt i landet akkurat no.

I lovproposisjonen, i merknaden til føremålsparagrafen, noko som er viktig i alle lovtolkingar, finn vi utdjuping av dette: «Både den fysiske og digitale møteplassfunksjonen og formidlingsansvar for alle typer medier, omfattes av loven ved at bestemmelsen holdes teknologinøytral.»

PS: Følg bloggen via epost, saman med p.t. 747 andre: Gå til kolonna til høgre og skriv inn e-postadressa di.

 

februar 20, 2019

5 år sidan lovrevisjonen: Dei gode debattmøta

Fem år har faktisk gått sidan føremålsparagrafen i biblioteklova blei utvida med setninga: «Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt.»

På denne bloggen har vi brukt ein god del krefter på å påvise at dessverre har det gjennomsnittlege norske folkebiblioteket likevel ikkje blitt eit aktivt «debattbibliotek». Det blei ikkje så mange «Debattar som det sprutar av» som NBF-leiar Mariann Schjeide ønskte seg. Berre 44 bibliotek, eller kvart tiande, arrangerte i 2017 ti eller fleire «samtale- og debattarrangement», slik det er definert i bibliotekstatistikken frå Nasjonalbiblioteket.

Men i høve jubileet, lat oss sjå på det positive:

read more »

februar 20, 2019

Møteplass eller formidling, utlån og lesing?

Klassekampen spør i dag, 20. februar, nasjonalbibliotekar Sira Myhre om satsinga på møteplass og debattar kan «ha gitt mindre plass til bøker og litteraturformidling?» Han svarer: «Forutsetningen for å kunne formidle litteratur er at det er noen i biblioteket, så det er en falsk motsetning. Mitt inntrykk er at det er svært få i Bibliotek-Norge som mener at denne satsingen går ut over utlån.»

Ørjan Persen frå Bergen og Bibliotekarforbundet er vel då ein av desse få, for han seier:

read more »

februar 20, 2019

Danske bibliotek med radio-/TV-planar?

I går blei det holdt eit «stormøde for kultur- og folkeoplysningsaktører» i København for personar, grupper og institusjonar som vil vurdere å gå saman om ein ny radio- og tv-kanal. Bibliotek er ein av desse, ifølgje bloggen til direktøren for Danmarks biblioteksforening. I det vi kan lese er museumsektoren mest tydeleg. Samvirkerørsla står også i kulissane. Vi kjem tilbake når vi veit mer.

NB: I DAB-Noreg kan dei høge konsesjonskrava vere eit hinder, har nokon sagt?

Her på bloggen har vi skrive ein del om bibliotek som publiserer og som bør publisere, men ser at vi enno ikkje har ein tagg til det. Det kjem om ikkje lenge. Men sjølve konseptet som fødte denne bloggen, Biblioteket-tar-saka, handlar om publisering.

Vi registrerer også at det skal vere ein stor IFLA-konferanse i Dublin om få dagar, der blant anna OsloMet framstår med to innleiarar. Men det kan dessverre sjå ut til å bli lite om folkebibliotek: IFLA Special Interest Group (SIG) on Library Publishing. Kan hende nokon skriv om dette når dei kjem heim?

 

Translate »