Er det berre eksentrisk eller egosentrisk eller også dystopisk (om Jorda går under osv.)? Første eksemplar av The Lunar Library skal landast på Månen i april i år. Dei mange milliardar bitane av kunnskap om Jorda er ekstremt komprimerte og lagra i fleire analoge og digitale format. Solsystemet skal “peprast” med mange fleire eksemplar, så sjansen aukar for at etterkomarane våre, eller andre, skal kunne finne eit av dei. Om dei er interesserte.
Innteningskravet må vekk
Hovudoppslaget på kultursidene til Klassekampen 25.2. handlar om purregebyr eller ikkje i folkebiblioteka. Dei fleste som er intervjua har anten kutta det ut eller vurderer å gjere det, anten til barn eller også vaksne.
Nokre meiner likevel gebyr har ein funksjon og er i tvil om det rammar sosialt.
Mest tvilsamt meiner vi det likevel er at bibliotek må halde på gebyr fordi dei har pålegg om inntening. Sandnes, som viser til dette i ei bisak i avisa, er ikkje det einaste.
Dette blåruss-påfunnet frå 1980-åras tidlege New public management-epoke står i grell kontrast til heile bibliotekideen og til og med den blå-blå Granavolden-plattforma med dei mange godorda om lesefremming, skulle vi meine.
Biblioteksjefar som framleis slit med dette burde vel kunne få hjelp frå bibliotekorganisasjonane?
Saka i Klassekampen byggjer på ein artikkel i Bok og bibliotek nr. 1. Som igjen i stor grad byggjer på, og viser til, denne bloggposten vi hadde i desember.
Radikal innkjøpsvri
Også i Klassekampen i dag: “Boldbooks-gründer Kristin Over-Rein [sendte] Kulturdepartementet et nytt forslag til innkjøpsordning for ny norsk skjønnlitteratur. … I forslaget blir det blant annet foreslått at bøker skal meldes på anonymt og at bibliotekene selv skal få bestemme hvilke bøker de vil kjøpe inn.”