Archive for februar, 2019

februar 19, 2019

Der bibliotek er Big Business

Vi har skrive mykje om dei ulike sidene ved bibliotekkrisa i Storbritannia. Ei av sidene heiter konkurranseutsetting. No har bystyret i York inngått avtale med ein av dei mange private drivarane av bibliotek. Sukringa av pilla er at avtalen sikrar vidare drift av alle biblioteka i femten år framover. Dei er ikkje dumme korkje dei næringsdrivande eller det politiske høgrefleirtalet. I York har nok protestane mot biblioteknedlegging stilna.

Den norske kulturministeren har etter både Jeløya og Granavolden forsikra oss om at formuleringa at dei skal satse på «nye modeller for drift av bibliotek» ikkje tyder konkurranseutsetting etter britisk eller svensk modell. Men kor lenge vil dei blåblå sjå på «suksessen» i grannelanda utan å opne døra på gløtt?

februar 18, 2019

Leseliste om e-lydbøker

Debatten om dei elektroniske lydbøkene som finn stad no er eit sjeldan døme på at media nærmar seg eit verkeleg avgjerande spørsmål for biblioteka og ikkje berre kosepratar med kulturministrar som elskar barndomens bibliotek. Vi har derfor oppretta ei eiga side på bloggen der vi lenkar til alt vi finn i media. Pluss stoff om e-lydbøker meir generelt, til dømes frå grannelanda.

februar 18, 2019

E-lydboka: – Politikarane har verktøya

Skjermbilde 2019-02-18 15.31.19

Lars Egeland under høyringa

>> Oppdatering 18.2. kl. 21.25: Retting av lenka til videoen.

Høyringa på Stortinget om kulturmeldinga som vi varsla om i går er no ferdig. Norsk Bibliotekforening og Biblotekarforbundet tok opp viktige saker som e-lydboka og manglande statleg initivtiv til formidling av kulturfondbøker. I innlegga deira, som startar kl 14.34 i denne videoen, blei det ikkje sagt så mykje som det bibliotekfaglege miljøet ikkje kjenner frå før. Men då Åslaug Sem-Jacobsen frå Senterpartiet utfordra bibliotekarane til å seie noko meir om kvifor ein avtale om e-bøkene ikkje kjem på plass, minna NBFs nestleiar Lars Egeland om at politikarane har dei verktøya som trengst i verktøykassa: «Når ingen vil gå tilbake til forhandlingsbordet så må de bruke dei verktøya.» Egeland kjem frå fagbibliotek: «Fagblioteka er alt digitale. Papirutlånet utgjer jo nesten ingen ting, så dette handlar om å vri økonomien og lage i stor grad nasjonale løysingar, så kan også folkebiblioteka ha ei framtid.»

>> nytt 20.2.: NBF og Egeland utdjupar dette på heimesida 18.2.:

» … forlagene bør ha en plikt på å selge bøker i alle formater, om de ønsker å dra nytte av offentlig støtte på et av formatene. Derfor bør  f.eks. momsfritak på papirboka være knyttet til at de også vil selge boka som lydbok til biblioteket.«

februar 18, 2019

Sverige: – Strøyming av e-lydbøker gjer fleire til lesarar

Skjermbilde 2019-02-18 13.11.44

Ikkje muleg lenger å skilje ein lesar frå ein musikk-fan

Rapporten Boken 2018 – marknaden, trender och analyser som Svenska Bokhandlareföreningen og Svenska Förläggareföreningen står bak, inneheld ein del interessant om lydboka. Vi har lese på skrå og funne blant anna dette sitatet av direktøren for BookBeat, ein av lydbok-appane i Sverige:

«Tillväxten av främst ljudböcker gör att bokmarknaden står sig stark i konkurrens med annan digital media som Spotify och Netflix och lyssnarna visar en ännu högre betalningsvilja för böcker, upptill 200 kronor per månad. Även grupper som tidigare kanske inte läste så mycket böcker har nu börjat lyssna. I snitt lägger våra användare cirka 20 timmar på ljudböcker, vilket motsvarar strax över två böcker, per månad. På ett helår blir det rätt höga siffror. Jag har svårt att se att det någonsin har funnits så många svenskar som lagt över 2 000 kr och 240 timmar på böcker per år som de gjorde under 2017. Känns som ett styrkebesked för hela branschen som är mitt i en stor omställning där vi inte bara konkurrerar mellan branschens egna kanaler».

Sjølv har vi nyleg, for ein femtilapp ekstra i månaden, oppgradert ein av desse straumetenestene til «Familie» og gjort ein av etterkomarane til relativ storlesar etter nokre år å lege under for tv-serie-syndromet. Og småbarns- tilsvarande …

Men dette skal altså biblioteka ikkje få vere med på.

PS: Ein skilnad mellom dei to grannelanda våre, som vi må sjå nærmare på, er at Noreg no må ha ein overetablering av fysiske bokhandlar, med typisk to kjedebokhandlar i kvart kjøpesenter, mens du til og med i storbyar i Sverige må leite lenge etter ein skikkeleg bokhandel. Sånt har nok innverknad på lesevanane.

februar 17, 2019

EU og opphavsretten: Nokre direktiv-smular til bibliotek og forsking?

Skjermbilde 2019-02-17 14.20.48

Kva veg bikkar det for biblioteket?

13. februar blei det i lukka møte inngått eit kompromiss mellom EU-parlamentet og Rådet om opphavsrettdirektivet. Men gjer det nokon skilnad frå det høgst tvilsame direktivforslaget vi skreiv mykje om i sommar og haust?

Ifølgje Julia Reda, leiaren av opposisjonen i parlamentet, tyder det siste vedtaket at «This law will fundamentally change the internet as we know it – if it is adopted in the upcoming final vote». Før ho legg til: «But we can still prevent that!» Og i Tyskland og andre stader er demoane alt i gang.

I ein kommentar frå IFLA alt dagen etter vedtaket seier dei at lobbyverksemda frå bibliotekhald har bore nokre frukter:

read more »

februar 16, 2019

E-lydboka – sanningas augneblink for biblioteket?

SA 25.2.50 leseutstyr blogg 18febBibliotekarforbundet har lenge hatt ei aktiv arbeidsgruppe for e-bøker, men som no går heilt opp i dei elektroniske lydbøkene. For denne litterære formidlingsforma har blitt ei stor sak i riksmedia dei siste par vekene. Det starta med at sjefane for storbybiblioteka ytra seg i Aftenposten  8.2. og som vi blogga om (under denne bloggposten legg vi no inn lenker til dei seinare oppslaga i ulike media).

>> Måndag 18. februar er det høyring om kulturmeldinga på Stortings-TV. Ørjan Persen skal snakke for BF kl. 14.34. Det heiter seg at han vil bruke «alle» dei tre minutta sine på e-lydboka. NBF kjem 14.31. Dei hadde eit e-lydbokinnlegg i Dagsavisen laurdag.

BF sitt tidsskrift Bibliotekaren intervjua 14. februar Ørjan Persen som er leiar av arbeidsgruppa. Overskrifta er tydeleg: «- Har ventet lenge nok på e-lydbøkene». Persen presenterer ein grundig analyse av stoda og kan ikkje sjå hindringar for at konstruktive forhandlingar skulle kunne starte mellom forleggarane og Nasjonalbiblioteket. For mens e-boka går treigt for tida, er e-lydboka ein suksess:

read more »

februar 16, 2019

Slik blir skolebiblioteket endå viktigare

Mona Ekelund har skrive vesentlege ting om skolebibliotek i vår tid på det som – på ny! – heiter fylkesbibliotek på heimesida til Østfold kulturutvikling (for t.d. fem år sidan var dei Bibliotekutvikling, men det må altså ha vore noko med det gamle namnet! :-)). Her nokre highlights:

read more »

februar 14, 2019

«Debattbiblioteket» og dei ytterleggåande (nytt frå Stavanger II)

ytringsfrihet porsgrunnRogalands Avis har (bak betalingsmur) hatt fleire oppslag den siste tida om at bibliotek i distriktet har late det såkalla Selvstendighetspartiet halde lokale stiftingsmøte i biblioteklokala.

Anne Torill Stensberg, bibliotek- og kulturhussjef i Stavanger, forsvarte vedtaket deira om å leige ut lokalet i eit leserinnlegg 8. februar. Ho viser til Sivilombodsmannens konklusjon i ein tilsvarande sak i 2014 i Kristiansand: «Sivilombudsmannen sa … at bibliotekene kan vise skjønn i situasjoner hvor det er snakk om å «framsette ytringer som grenser mot det straffbare og som vil oppfattes som grove krenkelser, ikke minst for andre brukere av biblioteket», men en generell henvisning til organisasjonens formål er ikke tilstrekkelig som argument for å nekte dem lokaler med denne begrunnelsen.»

Ho meiner også at …

read more »

februar 14, 2019

Farvel til skriftkulturen? (nytt frå Stavanger I)

Skjermbilde 2019-02-14 16.49.12Vitskapsjournalist Bjørn Vassnes i Klassekampen har i dag ei dobbelside der han oppsummerer forskinga rundt skjerm versus papir og korleis dei har ulik innverknad på lese- og dermed skriveevna og dermed kognitive, sosiale og fysiske evner. Og dermed på demokratiet. Undervegs er det ikkje fritt for at han då må kritisere mykje pedagogisk og politisk praksis rundt landet, der iPaddar og liknande har fått dominerande innpass i skoledagen.

Han viser blant anna til det europeiske forskingsinitiativet E-READ, som står bak Stavanger-erklæringa. Vassnes skriv om dette:

read more »

februar 14, 2019

Nyklassisisme frå Jotunheimen

Skjermbilde 2019-02-14 13.51.24.png

Biblioteket i Lom

Bibliotekarane i Lom er, trass i ung alder, alt klassikarar sjølve både som pionérar innan litteraturblogging på 2000-talet og som Årets bibliotek i 2012. Og no er det dette store lille biblioteket som har innbode andre bibliotek til kampanjen som dei på lista biblioteknorge i går kalla Nye, norske klassikarar (nettstaden er ikkje klar enno).

Spennande! Dei har fått litteraturkritikarane Bernhard Ellefssen, Janneken Øverland, Bjørn Ivar Fyksen og Merete Røsvik til å kåre ei liste med tjuefem «nye klassikarar», presisert til «moderne, norsk kvalitetslitteratur».

Men titlar og forfattarar får vi enno ikkje vite. Blir det dei som alt har fått alle prisane og som vi alt kjenner relativt godt? Eller kjem det også overraskingar? Vi blir skuffa om ikkje.

God litteraturformidling kan sjølvsagt gjerast med hundre ulike utgangspunkt og måtar. Og alle dei hundre har biblioteka råd til å ta i bruk. Til skilnad frå …

read more »

februar 13, 2019

Var det ikkje noko med skolebibliotek?

Vi klipper frå Nokut.no i dag:

«Nye tall fra Studiebarometeret er nå lansert. I årets undersøkelse har vi for første gang spurt studentene om hvordan de opplevde overgangen fra videregående opplæring til høyere utdanning. Mange trekker fram at de er for dårlig forberedt for akademisk skriving, tekstforståelse og evne til kritisk tenkning.»

februar 9, 2019

På Pinterest …

… strøymer det heile tida på med idear til bibliotekskilting og -plakatar for litteraturformidling og greier og greier.

februar 8, 2019

Oppløftande frå fjellheimen

Mens vi driv og terpar på at kunnskapsbiblioteket er daudt, dukkar det opp ei prosjektoppsummering frå Hemsedal, der ingen skulle tru at andre enn slalåminstruktørar og bartenderar kunne bu. Men der driv folkebiblioteket målretta sørvis til studentar. Av typen ganske fjern-, forstår vi.

Eit utval erfaringar:

  • I løpet av prosjektet har me fått styrka kompetansen vår, slik at me er betre rusta til dette arbeidet.
  • Dei fleste av studentane i Hemsedal er i jobb (ofte 100%) og svært mange av dei har i tillegg barn. Med den studentmassen me har er det difor ikkje arrangement og kurs som er det viktigaste å satse på vidare.
  • … fleire studentar som ikkje kjende kvarandre har møtst og dette har ein stor verdi.
  • Sidan midlane frå Nasjonalbiblioteket ikkje har kunna brukast til lønn, har dette ført til at arbeidet med prosjektet både har gått utover andre viktige oppgåver, samt at vi i periodar jobba alt for mykje.

Har vi høyrt det før? Vi kjenner ikkje kjønnssamansettinga til dei tilsette ved biblioteket i Hemsedal, men får assosiasjonar til …

read more »

februar 8, 2019

E-lydbøker i bibliotek: Varsku frå «storby-sjefane»

Skjermbilde 2019-02-08 14.02.22

Lydbøker på bibliotek i 2011. Framleis OK på vegen, men berre i veteranbilar

>> Lenkene til mediedebatten om e-lydbøker som låg på botnen her er 18.2. flytta ei eiga side

Under overskrifta «Begynnelsen på slutten for folkebibliotekene?» skriv no biblioteksjefane i dei største norske byane eit lesarinnlegg om særleg utfordringa med e-lydbøker. Vi fann det først i nettavisa iTromsø. Her les vi blant anna:

«Norske folkebibliotek har på vegne av sine brukere ventet på en avklaring av e-lydbøker i lang tid og vi trodde nå man var nær en løsning ettersom kulturministeren forsikret oss om at dette skulle bli en realitet for et års tid siden. … Men nå har forleggerforeningen stoppet forhandlingene om e-lydbøker fordi Kopinor har bedt Kulturministeren reversere forskrift om pliktavlevering. Kopinor vil heller forholde seg til EUs opphavsrettsdirektiv og Bernkonvensjonen enn norsk lov. Dette kan ende med at Nasjonalbibliotekets suksessfulle tjeneste «Bokhylla.no» rykker tilbake til start, ja faktisk at hele det norske litterære system blir endret for å tilpasse seg EU- direktiver.»

Det er ikkje med eit triumferande «kva sa vi!» at vi no minnar om dei mange åtvaringane våre om kor skjør bokhylla-avtalen er. Og det var heller ikkje tilfeldig at vi i fjor skreiv innlegg opp og innlegg ned om trugsmåla frå det nye EU-direktivet om opphavsrett.

februar 8, 2019

Serr?

Når det er verdskonferansar for bibliotekfolk kan sjølvsagt ikkje alt vere like fagleg tungt. Så til samrøyra i Athen i august i år innbyr dei til to timar med Library love stories. Av viktige spørsmål til drøfting er «Can we fall in love on both sides of a reference desk?» Men når såg vi eigentleg ein reinspikka referanseskranke sist?

Her på bloggen er vi jo mest opptatte av det som er trist og leit, så dette stemplar vi sjølvsagt som populisme og bibliotekpolitisk avsporing av verste skuffe. Men nokon kunne kanskje pushe på kollega Stig Holmås for litt relevant diktlesing?

Translate »