Archive for mars 6th, 2019

mars 6, 2019

Stordata: Baksida av medaljen

Skjermbilde 2019-03-06 09.02.33

Morozov i Klassekampen i går

Kunstig intelligens og stordata er blitt tema også i den norske biblioteksektoren, med konferansar både på Nasjonalbiblioteket og OsloMet (KORG-dagane i november). Spisskompetente entusiastar frå blant anna UBO og NB Rana har skissert kva dei alt gjer med dette og kva som kan gjerast i framtida for å forbetre bibliotektenestene.

Men så finst det ei bakside av medaljen som få snakkar om. Kviterussaraen Evgeny Morozov gjer det: I eit intervju i Klassekampen i går heiter det i tittelen: «Evgeny Morozov sier at stordata har en politisk verdi som vi ikke kan la Silicon Valley monopolisere: Kunstig intelligens til folket.»

PS: Til våre – mange! – svenske lesarar: Når vi på norsk skriv om dette kan det verke konstig (sic!) (men også vi har faktisk eit Nobelprisløna (!) døme på den svenske tydinga). På svensk heiter det derfor «Artificial Intelligence». Men kvifor ikkje kalle det elektronisk intelligens, har Mikael Böök sagt ein stad.

Kort fortalt: Det er dei fire-fem svære US-amerikanske og tilsvarande kinesiske tekonologikonserna som i dag byggjer opp dei mengdene av «Big Data» som trengst for å …

read more »

Translate »