april 5, 2019
På M24 skriv NRKs Lars Kristiansen relativt utfyllande om kunstig intelligens (KI) innan journalistikken. Om det kjem brått på kor mykje robotane alt bidreg med til nyhetsbiletet må dei meir kjenslevare gjerne ta sentralnervestimulansar og/eller gode pausar under lesinga. Og dei med datasystem som slit med å navigere blant nokre tusen bøker i eit bibliotek kan få anfall av avundsjuke på journalistar som no bruker KI til å søkje i verkeleg store datamengder, og som finn resultat med stor presisjon.
Samtidig les vi på forskning.no om bruken av digitale visualiseringsverktøy i høgare utdanning og forsking. Vil dette overta …
read more »
Posted in Bibliotek-IT, Kunnskapsorganisering, Kunstig intelligens |
Leave a Comment »
april 5, 2019

Faktalitteraturen var nok viktigare før. Klikk og kikk
Danske bibliotek er på banen med ein stor kampanje der hovudbodkapen er «Fakta uden fake – som ingen andre steder». Indirekte polemiserte vi mot dette nyleg ved å meine at biblioteket, i alle fall norske, har abdisert som den store faktaleverandøren etter at Google overtok det aller meste av «referanseoppgavene».
I går tillot seg ein dansk reklamemann, på nettstaden Dansk Markedsføring å meine noko av det same; at biblioteket er mest skjønnlitteratur og dermed meir «vidunderlige løgnehistorier» enn fakta. Sjølvsagt hadde direktøren for Danmarks biblioteksforening ein replikk til dette, og, som vi sist skreiv, har dei i Danmark nokre fleire motargument enn her i landet.
Posted in Falske nyheiter, Kunnskapsbiblioteket |
Leave a Comment »