
G O D P Å S K E !
>> Etter denne publiseringa har vi tatt endå tre krimforfattarar på fersken: Jørgen Brekke, Hans Olav Lahlum og Alexander McCall Smith.
Bibliotekaren og biblioteket er ganske ofte til stades i skjønnlitteraturen. Sjølvsagt har vi sånt som «Liket i biblioteket» av Agatha Christie, men sjeldan finn vi ein bibliotekar i helterolla eller biblioteket som anna enn åstad for meir eller mindre løynd romantikk (og trenden med færre og lågare reolar vil setje ein stoppar også for dette).
Og så har vi bibliotekarmetaforen, tydelegvis veleigna til å kontrastere og dermed framheve helten i historia, men heller ikkje meir (sjølv om Dag Solstad ope innrømmer å ha brukt bibliotekarmetaforen på hovedpersonen i «T. Singer», som verkeleg ikkje kan kallast helt).
Men bibliotek og bibliotekarar kan også inngå i intrigar, ikkje minst i kriminalsjangeren. Men her gjer mange forfattarar det vanskeleg for seg. Utfordringane vi tenkjer på går hus forbi hos forlagskonsulentane, men ikkje hos bibliotekarane, noko dette skal handle om: