Archive for april 20th, 2019

april 20, 2019

Lydbøker med lekkasjar

fullsizeoutput_114fVi skreiv nyleg om Deichman sitt nye tilbod om engelskspråklege elektroniske lydbøker. På mobilen møter lånarane tenesta i form av appen Libby. Alt blir administrert av det US-amerikanske firmaet OverDrive Inc. via nettstaden deira, men visuelt tilpassa oslofolket: https://deichman.overdrive.com. I Stavanger har biblioteket hatt dette sidan 2010, og som tidlegare journalist i Norsk Bibliotekforening fulgte vi denne utviklinga gjennom fleire oppslag. Mange svenske bibliotek har vore kundar i fleire år, og der skal no også svenske e-bøker og e-lydbøker kome med denne appen.

Men i førre veke las vi på den etablerte media- og teknologinettstaden CNET.com om tekniske og menneskelege veikskapar som kan ramme lånarar ved bibliotek som på denne måten set bort strøymetenester fullt og heilt til private firma, ofte på den andre sida av kloden. Igjen er det personvernet det handlar om. CNET bruker OverDrive som eit døme, men det kan gjelde fleire. Vi omset delar av artikkelen:

read more »