Archive for april 26th, 2019

april 26, 2019

Heia Steinkjer bibliotek

Skjermbilde 2019-04-26 15.19.06I spalta «Klok på bok» (KPB) i Dag og Tid driv dei ein slags «Påskelabyrinten» heile året, med minst like kryptiske spor frå bøker som dei han Valle pønskar ut for reisene sine. Men her får folk ei veke på seg på å svare, og då går mange til biblioteket. Her ein smakebit frå avisa denne veka. Ein som fann rett svar skriv:

«Kpb gjer rare ting med utlånsstatistikken på Steinkjer bibliotek. For det er truleg lenge sidan dei lånte ut to amerikanske diktsamlingar på same dagen. Kan hende aldri. For eg måtte jo undersøke om sitatet kunne vere frå Nathaniel Farells Nykommar. Det stemde med originalutgåve i 2014 og norsk utgåve i 2018, men det var komplett umogeleg å finne ut når mannen er fødd. Og eg måtte undersøke om sitatet kunne vere frå Claudia Rankines Medborgar. Og det er det. Fin bok, så rikt illustrert med kunstverk at det også er ei lita kunstbok.»

april 26, 2019

Robotformidling i Århus

Om du er i Århus 9. mai kan du få vite meir om roboten Pepper og kva han?/ho? kan bidra med i formidlinga av barnelitteratur. Language: Danish. Simpelthen.

april 26, 2019

Danske bibliotek har skjønt det med Nettet

Dette er eit døme frå danske @faktalink – ei digital, kvalitetssikra teneste frå biblioteka. Også norske bibliotek bør få seg noko sånt.

Det er snart tjue år sidan Google sin søkemotor fortrylla oss med raske, mange og – tilsynelatande – presise treff. Så kva er biblioteka på Nettet i dag? Nettkatalogane har jo stagnert på 1990-nivå. Vi har forsøkt å setje ord på det: Forvitringa av kunnskapsbiblioteket. Eit norskt Faktalink kunne snu trenden.