Archive for april, 2019

april 13, 2019

Bibliotekarnærkontakt av tredje grad

Danmarks biblioteksforening har sett nærare på rapporten National analyse af bibliotekstilbud til ungdomsuddannelserne. og konkluderer:

«… jo tættere biblioteket, bibliotekaren og bibliotekstilbuddene er på eleverne, jo større er sandsynligheden for, at de opnår større akademisk succes, at de får fremmet indlæring, karaktergennemsnit, informationssøgningskompetencer, studiekompetencer og gennemførelse af studiet. Den nære relation mellem elev og bibliotekar fremhæves som eksempel på, hvordan bibliotekaren kan blive en ekstra ‘voksen’ til at støtte eleven i sin uddannelsesrejse.»

april 13, 2019

Norske lydbøker: Mest børs, lite katedral

Skjermbilde 2019-04-12 15.40.31

Ambrosius av Milano var den første som las «stille». Burde vi stoppa leseutviklinga der? 😉

Ikkje berre biblioteka slit med å få tak i lydbøkene, det gjer også kundane til dei tre ulike lydbok-appane, bundne til like mange grupper av forlag. Titlar på tvers av appane førekjem ikkje. «… det tyder på at aktørene i forhandling ikke ser seg tjent med å komme til enighet», sa medievitar Terje Colbjørnsen, Oslomet, til Klassekampen i går. Og vidare: « … forlagene kan tjene på å holde lydbøkene sine i egne strømmetjenester for å sikre seg eksklusivitet over noen titler.»

I dagens avis (berre for abonnentar) seier stortingsrepresentant Kristin Ørmen Johnsen (H) at ho vil vurdere boklova på nytt (lovforslaget til Stoltenberg II blei stoppa av Solberg etter valet i 2013):

read more »

april 12, 2019

Fritt fram for biblioteket som «lydbokforlag»!

Skjermbilde 2019-04-12 15.44.44

Rjukan bibliotek 2007

Måndag denne veka skreiv vi: Tida inne for «sivil lydbok-ulydnad»! Som over 350 har lese.

Utgangspunktet var at forhandlingane med Forleggerforeningen om e-bøker til bibliotek har gått solid i stå. Men no finst det lett tilgjengeleg utstyr og program så folk relativt enkelt kan lage sine eigne lydbøker, så lenge dei ikkje blir spreidde utafor den private sfæren (famile og nære vener). Eventuelt kan du også, som privatperson, skjere opp den nyleg innkjøpte påskekrimmen, skanne og overføre han til lyd og ta han med på skituren. Dei verkeleg tolmodige kan sjølvsagt også lese inn sjølv …

Men så: Vi avslutta måndag med at bibliotek ikkje har lov til å låne ut slike lydbøker, for det blir langt utafor den private sonen. Før vi kom på andre tankar: Det finst jo mengder av digitale tekster «i det fri», alt frå dei nedlastbare på bokhylla.no til forskingsartiklar i Open Access. Og dette kan vel bibliotek omgjere til lyd og låne ut?

Vi spurde juss-avdelinga på Nasjonalbiblioteket og fekk dette stadfesta i dag:

read more »

april 12, 2019

Biblioteket og kommunevalet?

Skjermbilde 2019-04-12 14.20.39

Frå eit sannsynlegvis fiktivt parti i USA: «Make America Read Again»

Tittelen ovanfor kjem med eit spørjeteikn, for ifølge ein kommentar i går av debattredaktøren i Kommunal Rapport har biblioteket og kommunevalet lite med kvarandre å gjere. Ifølgje  meiningsmålinga Helsepolitisk barometer (pdf) er det, ikkje overraskande, helse og omsorg som opptar folk klart mest før valkampen. Og dét meir enn nokon gong tidlegare. Kultur (medrekna bibliotek) ligg lågt; berre éin prosent meiner dette er viktigast.

Men vi får leggje til at dei over to tusen respondentane ikkje blei spurde spesifikt om kommunale og/eller statlege tilbod. Og når det denne gongen er kommuneval, så må likevel større endringar på bibliotekfeltet kunne bli valkampsaker, som nye lokale eller nedleggingar av filialar. For ikkje å seie forsvar for bevaring av tidlegare hovudbibliotek som filialar når kommunar skal fusjonere.

PS: Det er ikkje samsvar mellom tala i artikkelen i KR og i presentasjonen, og KR svarer ikkje på dette når vi spør kvifor. Men tendensane er likevel klare.

april 12, 2019

Assange fakka, men «De virkelig skyldige går fri»

Skjermbilde 2019-04-12 12.02.20Slik konkluderer redaktør Mari Skurdal i leiaren sin i Klassekampen i dag. Ho minnar blant anna om ei av lekkasjane Assange kjem til å bli livstidsdømt for i USA, om ingen får stoppa dei, filmen frå helikopteret under og etter at dei i 2007 skaut og drepte mange sivile i Bagdad, blant anna ein journalist. På denne versjonen av filmen har dei lagt på undertekster, sjå også biletet her til høgre: «Look at all those dead bastards», seier ein. «Nice», svarer ein annan i helikopteret.

I desember hadde med-bloggar Mikael Böök eit innlegg i Hufvudstadsbladet og her på bloggen, med overskrifta – Stöd Julian Assange och ge WikiLeaks en trygg fristad i biblioteken. Elles har vi i over elleve år skrive om Wikileaks her på bloggen.

april 12, 2019

«… kunnskap og opplevelser de ikke visste at de lette etter»

Vi les anbodet på audiovisuelle løysingar til Nye Deichman i Teknisk Ukeblad, i ordelag vi ikkje akkurat er vane med:

«Konseptene vil omfatte lyd- og bildeløsninger, lysløsninger, samhandlingsløsninger, informasjonssystemer og multimedialøsninger. Mye av det som foregår på skjermene vil ifølge direktøren være interaktivt, og er ment å skape stemninger og en helhetlig opplevelse.»

april 11, 2019

Bibliotek der folk er

Korleis kan ein oppnå «bibliotek til alle» når filialdøden herjer og bokbussparken rustar ned? Peterals, Sveriges ivrigaste bibliotekbloggar, gjev oss i dag eit pop-up-bibliotek i Detroit, USA, på eit myntvaskeri (det ser ut til at det framleis heter det på norsk). Der når biblioteket folk og grupper som er lite vane med bibliotek og som ikkje eingong har tenkt over kva dei kan bruke biblioteket til.

I 2014 intervjua vi ein ekspert på bibliotektenester til ikkje-brukarar, John Pateman, for Bibliotek i samhälle.

april 8, 2019

New York: Enorm støtte frå grasrota, men kan det redde bibliotekbudsjettet?

Ei meiningsmåling syner at biblioteka i metropolen har praktisk talt full støtte frå innbyggjarane på fleire felt. 93% meiner biblioteket er ein «cornerstone of all New York City communities» og 84% at budsjetta bør aukast. Men trugsmåla er mange; nedslitne lokale, auka kostnader og auka etterspurnad. Kan likevel biblioteka bli prioritert i budsjettforhanlingane for 2020? 

april 8, 2019

I fortsetninga av språkkafeen

Skjermbilde 2019-04-08 18.58.33Fredag hadde Klassekampen ein tosiders om at «Mangel på kunnskap blant innvandrerkvinner går på helsa løs. Feza Nibigira gikk i årevis uten å få informasjon om helt enkle ting, som prevensjon og bind.» Men no er ho «en av dem som jubler over at Trondheim nå får et eget internasjonalt kvinnehus, hvor innvandrere i tillegg til språkkurs kan få grunnleggende helseinfo, om kosthold, prevensjon, tamponger og bind og forskjellen på virus og bakterier.»

Og vidare: «Ingen forklarte meg hvordan systemet fungerte med legevakt, fastlege og nattapotek. Jeg fikk heller ingen informasjon om prevensjon. …  I flere år visste hun ikke om bind og tamponger. I stedet brukte hun, som mange venninner, …

read more »

april 8, 2019

Tida inne for «sivil lydbok-ulydnad»!

Skjermbilde 2019-04-08 12.03.36

Frå den nyaste «steingrunn-boka» til Dag og Tid

NB: Sjå også bloggpost 12.4.19: Fritt fram for biblioteket som «lydbokforlag».

Deichman annonserer CD-fritt e-lydboktilbud, men berre på engelsk, ikkje på norsk. Og biblioteksjef Knut Skansen er klar på grunnen til denne pinlege mangelen ved det største biblioteket i kongeriket, og ved alle dei andre, nemleg «motviljen han og resten av biblioteknorge opplever fra Den Norske Forleggerforening, som ennå ikke har gått med på å åpne for utlån av norske e-lydbøker på folkebibliotekene.»

Her på bloggen meiner vi no at biblioteka bør opplyse, instruere og tilby utstyr og programvare så folk kan lage sine eigne lydbøker.

Metoden finst i ein mooc frå …

read more »

april 7, 2019

– Biblioteket må ta heim bokvalet

Skjermbilde 2019-03-30 21.34.10.png

Fleischer er engasjert i bibliotekspørsmål. Her på ein e-bokdebatt i Örebro i 2014

Den nylege svenske debatten om bokval, der ein debattant åtvara mot å kjøpe faglitteratur som ikkje er «vitskapeleg», har kome ned på jorda. Her på bloggen var Mikael Böök tydeleg på at «bekännelselitteratur» ikkje er vitskapeleg, men likevel avgjerande viktig å ha i biblioteket.

Historikaren Rasmus Fleischer skriv i Expressen om endå ei omstridt «helsebok» som finst i mange bibliotek, der foreldrar til autisiske barn får råd om å gje dei utspedd klordioksid. Med alvorlege skadar som resultat.

>> Sjå også sak på Fleischers blogg Copyriot.

Men Fleischer går vidare og peiker på ein viktig årsak til dette uføret, nemleg at stadig fleire bibliotek set ut bok- og mediavalet til kommersielle leverandørar:

read more »

april 5, 2019

Nye og gamle nål-i-høystakken-metodar

M24 skriv NRKs Lars Kristiansen relativt utfyllande om kunstig intelligens (KI) innan journalistikken. Om det kjem brått på kor mykje robotane alt bidreg med til nyhetsbiletet må dei meir kjenslevare gjerne ta sentralnervestimulansar og/eller gode pausar under lesinga. Og dei med datasystem som slit med å navigere blant nokre tusen bøker i eit bibliotek kan få anfall av avundsjuke på journalistar som no bruker KI til å søkje i verkeleg store datamengder, og som finn resultat med stor presisjon.

Samtidig les vi på forskning.no om bruken av digitale visualiseringsverktøy i høgare utdanning og forsking. Vil dette overta …

read more »

april 5, 2019

Fakta eller «vidunderlige løgnehistorier»?

Skjermbilde 2019-04-05 14.39.19

Faktalitteraturen var nok viktigare før. Klikk og kikk

Danske bibliotek er på banen med ein stor kampanje der hovudbodkapen er «Fakta uden fake – som ingen andre steder». Indirekte polemiserte vi mot dette nyleg ved å meine at biblioteket, i alle fall norske, har abdisert som den store faktaleverandøren etter at Google overtok det aller meste av «referanseoppgavene».

I går tillot seg ein dansk reklamemann, på nettstaden Dansk Markedsføring å meine noko av det same; at biblioteket er mest skjønnlitteratur og dermed meir «vidunderlige løgnehistorier» enn fakta. Sjølvsagt hadde direktøren for Danmarks biblioteksforening ein replikk til dette, og, som vi sist skreiv, har dei i Danmark nokre fleire motargument enn her i landet.

 

april 4, 2019

Trine viktigare enn Siv?

Michel Steen-Hansen, direktøren i Danmarks Biblioteksforening, bloggar i dag om kulturpolitikken versus finanspolitikken i eit par-tre generasjonars tilbakeskuande perspektiv. Utgangspunktet hans er ein artikkel i Information, som vi ikkje har tilgang til, men der det handlar om den offentlege kulturpolitikkens barndom på tidleg 1960-tal (litt seinare her i landet) og ein sosialdemokratisk profeti på den tida om at «undervisningsministeriet og kulturministeriet vil blive mere betydningsfulde ministerier end finans- og økonomiministeriet». Men slik skulle det ikkje gå, for å seie det mildt …

Steen-Hansen (?) konkluderer: «Allerede fra midten af 1960’erne og især i 1970’erne kom velfærdsstaten i økonomisk krise, og man begyndte at bekymre sig om, hvordan man overhovedet skulle føre projektet videre. Dermed mistede kulturpolitikken også tyngde – og i de seneste år er kunsten blevet indlemmet i konkurrencestatslogikken.»

Og då er det berre logisk at Kommunal Rapport nokre minutt seinare fortel oss at «Å ha kultur for justering vil være til det beste for innbyggerne når endringstakten stadig øker i Kommune-Norge.»

Translate »