Svensk glesbygd. Frå filmen «Finnskog og trollskap». Klikk og kikk
For snart to år sidan var vi i Stockholm og fekk førstehands info om at den svenske regjeringa ville bruke ein kvart milliard svenske kroner kvart år i tre år for å styrke folkebiblioteket. Det var på den tida det framleis var håp i hangande snøre om noko liknade i Noreg, men som forsvann som dogg for sola då Venstre kom i regjering og blei eit «ansvarleg» parti (rett nok høyrer vi i dag at regjeringa held lovnaden om MVA-fritak for elektroniske tidsskrift og bøker. Det burde få forlaga til forhandlingsbordet igjen med biblioteka, men vi trur det først når vi ser det).
Men til Sverige: Der kom no rapporten «Stärkta bibliotek» om bruken av den første kvart-millionen for styrking av bibliotek i 2018. Støtta der går til meir langsiktig styrking og utvikling og det er strenge vilkår for tildeling:
Eit ikkje heilt typisk litterært oppslag i Morgenbladet på nett: Mitt kongerike for en poet! (skøyarane har kategorisert det som Gravejournalistikk). Det handlar om kronprinsesse Mette-Marit som bokbanemeister i hovudstaden for kort tid sida. Her om dagen kunne vi presentere kva Klassekampen ironiserte over at VG hadde gjort, og då må jo også Morrabla få seg ei vinkling. Dei fann eit foto av HKH med eit lass bøker rundt seg. Kva valde ho ut til T-baneturen? Kva slag litterær smak har ho?
Gløym det, men forsøk å hjelpe redaksjonen på eitt punkt: «Den øverste av bøkene i Mette-Marits venstre hånd. Den har vi sett før. Mange ganger. Den er for tynn til å være …