Archive for mai 29th, 2019

mai 29, 2019

Privatiseringstrygge norske bibliotek?

Skjermbilde 2019-05-29 21.23.16

Frå ein fransk aksjon mot privatisering

No vil næringsminister Røe Isaksen få utgreia konsekvensane av konkurranse- tilpassing av hittil offentlege tenester, og det ved hjelp av eit konsulentfirma som er kjent for å vere spesielt privatiseringsvenleg. Vi har tidlegare nemnt Hjelmeng-utvalet som Solberg I sette ned i 2016 for å sikre «like konkurransevilkår for offentlige og private aktører.» Kort fortalt må kommunale symjehallar, treningsentra og liknande vere førebudde på å tilpasse seg vilkåra for kommersiell drift.

Men bibliotek ser ut til å gå fri, fordi dei er gratis. Om den nye utgreiinga vil vri søkjelyset over på biblioteket, er ikkje sikkert, men vi må ikkje tru at slike juridiske subtilitetar er nok til å tryggje bibliotek mot konkurranseutsetting. Sjå berre korleis ekspansive britiske og svenske firma no spesialiserer seg på å drifte bibliotek. Og det utan slikt juridisk påtrykk. Vi har eit stikkord for artiklane våre om sånt: Privatisering.

Privatisering og konkurranseutsetting vil Solberg, Jensen, Skei Grande & co. svært gjerne kome lengre med innan Stortingsvalet om to år. Ganske mykje lengre. Helst så det ikkje kan reverserast.

mai 29, 2019

Debattvegring på Bokmässan

Skjermbilde 2019-05-21 22.56.35

Debattreol i biblioteket i Kulturhuset i Stockholm

Hovudoppslaget på kultursidene i Klassekampen i dag handlar om to bøker der forfattarane på ulike vis blei råka av meetoo-rørsla, men der dei no altså forsvarer seg i bokform. Dei same to bøkene er tema i ein kronikk av kulturredaktøren i GP – Göteborgs-Posten. Her er naturleg nok haustens Bokmässa i fokus, eit årvisst arrangement i Göteborg med lang tradisjon, dit også mange norske bibliotekarar finn vegen. Men, skriv kulturredaktøren, i år «undviker Bokmässan att sticka ut och skapa debatt för att få fler besökare.» Dei to bøkene «syns inte röken av på de officiella scenerna.» Kommersen rår.

Og frå før veit vi at ingen svenske forlag ville gje ut boka til den uthengde og no yrkesforbodne journalisten Fredrik Virtanen, så eit norsk forlag måtte trå til.

Translate »