Bibliotek i USA stør denne rørsla, sjølv om nokre meiner det er partisk
Ein fersk master frå universitetet i Uppsala bør også her i landet få bibliotekfolket og -politikarene (dei som framleis finst) til å gå i tenkeboksen: Bibliotekets värden : Människosyn i rapporter utgivna av Svensk biblioteksförening och Kungliga biblioteket av Rebecca Andersson. Det handlar særleg om den lenge etablerte førestillinga at biblioteket er og må vere nøytralt i alle samanhengar. Men masterkandidat Andersson sluttar seg til forfattarar som meiner dette er ein myte. Og Bis – Bibliotek i samhälle – set ganske treffande ord på heile problemkomplekset på Facebooksida si: «Värdelöst, värdefullt, eller är värdegrunden för grund?» Vi trur særleg på det siste.
Hei! Les masteren og start debatt i kommentarfeltet
Vi har alt skrive om denne motseiinga fleire gongar, blant anna ganske grundig i ein bloggpost for tre år sidan, men Andersson set her nøytralitetsdebatten inn i ein aktuell og nær samanheng, der ho altså analyserer ganske ferske rapportar frå det svenske bibliotekmiljøets «establishment». Vi har ikkje lese meir enn ein brøkdel av desse svenske dokumenta, men det læt smerteleg heimekjent.
Frå oppsummeringa hennar (vi framhever nokre poeng):
Innsamlingar må til for alt anna enn helse. Her frå biblioteket i Manchester
På den britiske nettstaden Politics.co.uk tar ein sabla god kronikk 25. juni utgangspunkt i at biblioteka har tapt i budsjettkampane. Men vinnarane etter snart ti år med reindyrka marknadsliberalt høgrestyre er ikkje som Carl I. Hagen alltid messa her heime: Eldre, helse og skole. Nei, helse har soleklår prioritet i dei politiske kampane i dronningriket: «Politicians have learned that it’s the service that matters most in public discourse.» Nedlagde bussruter på bygdene, hol i vegbanen og at lærarar må betale skolemateriell privat, er blitt heilt uinteressant.
Vi vedgår at vi driv klikkhoreri i stor stil her på bloggen; fredag var det Sophie Elise og i dag er det Kong Harald (elles utan samanlikning). Til saka: Den utmerka, men ikkje mykje omtalte, nettstaden Virksomme ord inneheld norske talar ordna etter kronologi, talarens namn og etter organisasjon. Og dette er ikkje eit påfunn frå den virtuelle rennesteinen, men eit initiativ av forskarar ved Universitetet i Bergen.
Og sjølvsagt testa vi basen med ordet bibliotek, og der fann vi at …
At biblioteket er ned ei trapp kan vere grunn til ikkje-bruk
Eit spørsmål på twitter, truleg frå ein brite, har ført til mange og ulike svar. Sånt er minst like viktig å setje seg inn i som statistikken over bruken; korleis dei jamt over ressurssterke, trufaste brukarane har det med biblioteket sitt.
I fleire medium i USA, blant anna på Common Dreams, kan ein lese om protestane mot at CIA fekk ha ein stand under bibliotekforeininga ALA sin store årskongress som fann stad i Washington DC helga som var. Eit forslag om utestenging fekk likevel ikkje fleirtal, med grunngjevinga at CIA ville bli nekta ytringsfridom…
Intitiativtakar til protesten var Alison Macrina, som alt er ein av dei Barske Bibliotekarane her på bloggen (sjå nr. 3). Ho argumenterte med at «Everything they stand for is a violation of the values of librarianship.» Og med at det finst ein viss tradisjon for rekruttering av bibliotektilsette til hemmeleg overvåking for styresmaktene. Noko vi skreiv om tidlegare i år, sjå avsnittet «Biblioteksporet i røynda». Då handla det rett nok ikkje om CIA men FBI.
«Analysearbeidet er ikkje ferdigstilt enno, men foreløpige resultat viser at det er mykje å vinne på betre samarbeid mellom skule og bibliotek.» Det handlar om at «born som deltek i Sommarles.no taper svært lite lesekompetanse over sommaren, medan born som ikkje deltek taper vesentleg meir».
Men dei 105 000 deltakarane (2018) er berre 26 prosent av elevane, så her er det eit stort uutnytta potensial. Alle fylka er med, men altså langtfrå alle kommunane.
Og for ungar som bruker andre språk enn norsk er det verkeleg mykje å hente.
Ørjan Persen ved Bergen offentlige bibliotek er ein veteran med e-bøker. No har han rekna på kor dyre e-lyd bøkene kan bli etter den nye avtalen mellom Forleggerforeninga og Nasjonalbiblioteket. «Omtrent fem ganger så dyrt som lydbøker på CD» har han kome fram til.
Dette er eit reknestykke ein ferierande bloggar ikkje vil ta stilling til, men oppfordre til debatt om. Men Bergen er trass alt staden med Handelshøgskolen 🙂
PS: Overskrifta har vi sett spørjeteikn etter. Og sett nummer på. Ikkje utan grunn. Vi var alt inne på det i går.
I byen Thunder Bay (110 000 innb.) ved vestkysten av Dei store sjøane markerer folkebiblioteket seg som ein nøkkelinstitusjon når det gjeld integrering og i kampen mot rasisme. I ein større reportasje i riksavisa The Globe and Mail handlar det særleg om verknadene av kvite fordomar mot grupper av urfolk, også i den lokale politistyrken, men også her har biblioteket bidratt positivt. Eit av våpna er poesikveldar!
Dette er ikkje minst resultat at eit medvite arbeid av biblioteksjefen, briten John Pateman, ein bibliotekar vi har følgt i fleire år.
Sidan vi er i Sthlm: Ærverdige Nordstedts forlag blei kjøpt opp av Storytel. E-bøker og lydbøker er viktigare enn vi har trudd.
I overskrifta siterer vi frå dagens nyheitsbrev frå Bokbasen om appen Allbok for det nye eboktilbodet til norske folkebibliotek. Og dei gjer nok klokt i å skrive dét. Fleire frå bibliotekhald, blant anna i Bibliotekarforbundet, er urolege for avtalane biblioteksektoren må inngå med kvart av forlaga, for det som står i dag i tilrådinga er ikkje forpliktande for dei.
Kulturminister Trine Skei Grande og nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre nemner ikkje denne utfordringa. Men her veit dei neppe meir enn oss.