På bloggen har vi vore opptekne av lagnaden til tidsskrifta, både i og utafor biblioteka. Frå no av (men kanskje ikkje i juli) vil vi ein gong i veka presentere ein ny artikkel i eitt av dei norske kulturtidsskrifta som til kvar tid har open tilgang gjennom Idunn.no, og som vi meiner bør ha interesse for mange lånarar i folkebiblioteka.
Denne veka tar vi føre oss ein artikkel i Norsk medietidsskrift nr. 2/2019: «Et varslet folkemord? Dekning av Holocaust i norsk og svensk presse» av Rune Ottosen, professor i journalistikk ved Oslomet.