I byen Thunder Bay (110 000 innb.) ved vestkysten av Dei store sjøane markerer folkebiblioteket seg som ein nøkkelinstitusjon når det gjeld integrering og i kampen mot rasisme. I ein større reportasje i riksavisa The Globe and Mail handlar det særleg om verknadene av kvite fordomar mot grupper av urfolk, også i den lokale politistyrken, men også her har biblioteket bidratt positivt. Eit av våpna er poesikveldar!
Dette er ikkje minst resultat at eit medvite arbeid av biblioteksjefen, briten John Pateman, ein bibliotekar vi har følgt i fleire år.
Sidan vi er i Sthlm: Ærverdige Nordstedts forlag blei kjøpt opp av Storytel. E-bøker og lydbøker er viktigare enn vi har trudd.
I overskrifta siterer vi frå dagens nyheitsbrev frå Bokbasen om appen Allbok for det nye eboktilbodet til norske folkebibliotek. Og dei gjer nok klokt i å skrive dét. Fleire frå bibliotekhald, blant anna i Bibliotekarforbundet, er urolege for avtalane biblioteksektoren må inngå med kvart av forlaga, for det som står i dag i tilrådinga er ikkje forpliktande for dei.
Kulturminister Trine Skei Grande og nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre nemner ikkje denne utfordringa. Men her veit dei neppe meir enn oss.
Venting på ein hop-on hop-off med “kvalificerat guidning”, framfor Kungl Slottet i Sthlm. Blir nok bra, men desse skal altså leve resten av liva sine utan noko tilhøve til …