Archive for juli 1st, 2019

juli 1, 2019

Bibliotekpapegøy

NRK Østfold melder i kveld at «Den frittflygende papegøyen Gunnar ble superkjendis etter fem år på rømmen. Nå får det høyt elskede fjærkreet evig liv bak glassmonter i Moss bibliotek.»

Men han er ikkje til utlån. Noko vi faste brukarar av Moss bibliotek er sterkt misnøgde med. For på heimesida til Øvre Eiker kommune kunne vi tidlegare i år lese:

«Biblioteket i Hokksund utvider sitt tilbud. I løpet av siste halvdel av 2019 vil utstyrsutlånssentralen BUA også låne ut dyr, fugler og reptiler til innbyggerne. Øvre Eiker blir trolig landets første kommune som låner ut dyr via sitt bibliotek.»

Til og med levande dyr kan dei tilby. Haken ved dette var rett nok at …

read more »

juli 1, 2019

Arkiv-NOUen frå ein bibliotek-ståstad

I april kom NOU 2019: 9 «Fra kalveskinn til datasjø — Ny lov om samfunnsdokumentasjon og arkiver» og no går han på høyring. Vi har lese han på skrå og blant anna notert oss at omgrepet samfunnsdokumentasjon blir heilt sentralt. Det låter bra. Både arkivarar, politikarar og folk flest bør mentalt pensast inn på det sporet.

Utvalet vedgår at dei har slite med kor lova bør høyre heime: «… det er vanskelig å fastslå den faktiske og den riktige balansen mellom kulturarv på den ene siden og digitalisering, forvaltningspolitikk og dokumentasjonsforvaltning på den andre.»

Dei av oss som hausten 1999 ramla av stolen då departementet nærmast spontant lanserte ei ABM-melding (arkiv, bibliotek og musé) i staden for den bibliotekmeldinga vi lenge hadde sett fram til, merker oss at det i dag …

read more »

juli 1, 2019

Bompengar og bibliotek

Eiker bibliotek 1807

Tradisjonsrikt bibliotek. Låneprotokoll frå Eiker 1806-37. Klikk for meir

Aldri før har politikarar av alle fargar gjeve så mange lovnader om å ikkje leggje ned bibliotek som i kommunereformdebattane dei siste åra. Pessimistar har spådd at tidlegare hovudbibliotek kan ryke i budsjettdebattane i storkommunane, men tidlegast i 2021 (valflesk held seg ikkje kor lenge som helst, men det gjer heller ikkje det kollektive minnet, satsar fleskeprodusentane på).

Men Folkestyre-lista – ei «bompenge-liste» i Nedre Eiker kommune (som blir del av Drammen til nyttår) – vil ifølgje Drammens Tidende alt i den pågåande valkampen «kjempe for at helsestasjon, bibliotek og andre institusjoner skal bli værende i Nedre Eiker.» Er det røyk utan eld, eller?

På bloggen vil vi følgje med på utviklinga der og i andre nye kommunar. Tips oss gjerne på frilanders [at] gmail.com.