
På veggen i eit litteraturhus, House of Foundation i Moss. Men lite å sjå til konflikt med biblioteket tjue meter unna
>> 15.7. Sjå viktig kommentar under.
Dette er overskrifta på eit debattinnlegg av Ragnar Audunson i Klassekampen i dag (les heile teksten nedanfor, med godkjenning av forfattaren). Bibliotekprofessor Audunson imøtegår oppslaget laurdag om boka «Litteraturpolitkkens verktøykasse», der forfattarane reiser ei motseiing mellom bibliotek og litteraturhus og annan påstått «direkte konkurranse» mellom offentlege og private litteraturformidlarar. Den private sida og «dens profesjonelle aktører» kan «utkonkurreres».
Vi har enno ikkje fått noko leseeksemplar og har ikkje meir å melde, anna enn at forfattarane av denne boka på Pax forlag ikkje er kven som helst, nemleg medieprofessorane Tore Slaatta og Helge Rønning, der førstnemnde er i permisjon frå jobben som generalsekretær i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO) for å skrive boka. Her ligg det altså prestisje frå bokbransjen si side, så det er ingen grunn til å slå seg til ro på bibliotekhald. For ikkje å seie bibliotekbrukarhald.
Audunson kan forhistoria både hundre og eit lite tiår attende. Dermed blir det eit spark også til nasjonalbibliotekar Sira Myhre. Men les heile innlegget hans: