Archive for juli 19th, 2019

juli 19, 2019

Apollo 11 og norsk språkhistorie – i Bokhylla.no

20. juli er det altså 50 år sidan den første månelandinga. I ei sak på NRK.no i dag er det sørgjelege hovudpoenget at TV-opptaket frå sendinga frå Marienlyst er sletta. Då videobanda mange år seinare blei overførte til Nasjonalbibloteket i Mo i Rana, var blant anna eit program med Ingrid Espelid om brødbaking lagt “oppå” måneferda.

I tillegg får vi vite at historikaren Henrik Grue Bastiansen er ute med ei ny bok om det norske både medie- og språkhistoriske ved denne dagen, eller natta. Denne blir det interessant å sjå på etter kvart, men vi har sett på det NBs Bokhylla.no alt har. Det er mykje spennande å lese, men ikkje minst det språkhistoriske:

read more »

Translate »