
Slaatta og Rønning med kaffiflekkar frå Bergensbanen
>> Oppdatert på eit par punkt 16.8.2019
6. juli blogga vi om oppslaget i Klassekampen om boka «Litteraturpolitikkens verktøykasse» av Helge Rønning og Tore Slaatta. Verken vår eller (truleg) Ragnar Audunsons kritikk av karakteristikkane deira av biblioteket var basert på lesing av den blodferske boka. Men no har vi endeleg fått direkte innblikk i verktøykassa. Likevel utan å bli imponert.
NB: Forfattarane sin påstand om biblioteket som ein slags urimeleg, skattepengefinansiert konkurrent til litteraturhus og anna privat fremming av litteraturen, kjem vi ikkje til å ta opp igjen her, då Audunson og Sira Myhre avviste påstanden solid i Klassekampen, jf lenkene ovanfor.
Boka burde vore viktig, då lite blir skrive om dette i bokform, i alle fall ikkje til eit litt større publikum. Og denne stiller ikkje spesielt høge krav til lesaren gjennom dei små 131 sidene pluss godt noteapparat. Men det er ingen mangel på ambisjonar, for lanseringa av boka har forlaget kopla til Noreg som gjesteland under bokmessa i Frankfurt denne hausten. Det må vel bety at boka heilt eller delvis skal brukast internasjonalt, noko som ikkje blir mindre sannsynleg når forfattarane er dei dei er.
Nytt 4.8. >> Vi ser i dag at boka også har kome ut på engelsk.
Men då blir det endå viktigare å få meir debatt om boka enn her på bloggen og dei to tekstane i Klassekampen, pluss éin stutt omtale i Vårt Land (per 25.7. på Atekst).