Archive for juli, 2019

juli 7, 2019

#NotALibrary

Bibliotekaktivistar i Bristol, og snart over heile landet, set Theresa May på plass på Twitter etter at ho fekk The Telegraph med på eit rett nok litteraturvenleg stunt, men som sår tvil om kva eit bibliotek er. Lagre og følg hashtaggen #NotALibrary på twitter.

Skjermbilde 2019-07-07 15.34.19

juli 6, 2019

Barn og ungdom og tryggleik på Nettet

Skjermbilde 2019-07-06 19.51.23Det er laga eit hefte på fleire språk, blant anna norsk bokmål, som rettar seg mot barn og unge for å gjere dei meir medvitne om tryggleik og personvern på Nettet.

Det er fritt fram å skrive ut eller trykkje pdf-heftet og dele det ut gratis. Men det er muleg å gje utgjevaren økonomisk støtte.

European Digital Rights (EDRi), som står bak dette, er ei foreining for europeiske civil and human rights organisations, der Elektronisk Forpost Norge (EFN) representerer Noreg. NB: EFN (ein organisasjon av ihuga bibliotekvenar) set også stor pris på pengestøtte.

juli 6, 2019

Biblioteket provoserer bokbransjen

Skjermbilde 2019-07-06 19.07.57

Hovudsida ved biblioteket er at det fremjer kunsten og litteraturen

«Staten skaper ubalanse» heiter det i dagens Klassekampen. Med ein del sterke påstandar frå forfattarane av boka «Litteraturpolitikkens verktøykasse», som at « … bibliotekene er i ferd med å ligne mer og mer på kulturhus. – Det er i utgangspunktet ikke noe galt i dette, men sett opp mot lokale litteraturhus og litteraturfestivaler, oppfatter jeg en vending hvor offentlige institusjoner med statlige midler kan utkonkurrere organisasjoner og det private næringsliv, sier Helge Rønning som er professor emeritus ved Universitetet i Oslo.»

Nokre motargument på ståande fot (før vi har sett boka) er jo at …

read more »

juli 4, 2019

Fantasibaserte verdsbilete

Skjermbilde 2019-07-04 14.06.43

Også på Khrono gjer dei «sommarintervju», og i dag er det med biologisk antropolog Stian Suppersberger Hamre. Vi klipper:

« – I hvilken grad er det ytringsmot på norske universiteter og høgskoler?

— Det er ofte bemerkelsesverdig stille når det kommer til å delta i offentlige debatter. Med en del hederlige unntak sitter veldig mange stille og ser på at folk med fantasibaserte verdensbilder får sette dagsorden og det uten egentlig å møte kunnskapsbasert motstand. Mange debatter kan sikkert virke banale og uinteressante, men uten motstand dannes det stadig flere alternative sannheter av folk med en helt annen agenda enn kunnskap.»

juli 2, 2019

Utan ord (nesten)

Klikk og kikk

juli 1, 2019

Bibliotekpapegøy

NRK Østfold melder i kveld at «Den frittflygende papegøyen Gunnar ble superkjendis etter fem år på rømmen. Nå får det høyt elskede fjærkreet evig liv bak glassmonter i Moss bibliotek.»

Men han er ikkje til utlån. Noko vi faste brukarar av Moss bibliotek er sterkt misnøgde med. For på heimesida til Øvre Eiker kommune kunne vi tidlegare i år lese:

«Biblioteket i Hokksund utvider sitt tilbud. I løpet av siste halvdel av 2019 vil utstyrsutlånssentralen BUA også låne ut dyr, fugler og reptiler til innbyggerne. Øvre Eiker blir trolig landets første kommune som låner ut dyr via sitt bibliotek.»

Til og med levande dyr kan dei tilby. Haken ved dette var rett nok at …

read more »

juli 1, 2019

Arkiv-NOUen frå ein bibliotek-ståstad

I april kom NOU 2019: 9 «Fra kalveskinn til datasjø — Ny lov om samfunnsdokumentasjon og arkiver» og no går han på høyring. Vi har lese han på skrå og blant anna notert oss at omgrepet samfunnsdokumentasjon blir heilt sentralt. Det låter bra. Både arkivarar, politikarar og folk flest bør mentalt pensast inn på det sporet.

Utvalet vedgår at dei har slite med kor lova bør høyre heime: «… det er vanskelig å fastslå den faktiske og den riktige balansen mellom kulturarv på den ene siden og digitalisering, forvaltningspolitikk og dokumentasjonsforvaltning på den andre.»

Dei av oss som hausten 1999 ramla av stolen då departementet nærmast spontant lanserte ei ABM-melding (arkiv, bibliotek og musé) i staden for den bibliotekmeldinga vi lenge hadde sett fram til, merker oss at det i dag …

read more »

juli 1, 2019

Bompengar og bibliotek

Eiker bibliotek 1807

Tradisjonsrikt bibliotek. Låneprotokoll frå Eiker 1806-37. Klikk for meir

Aldri før har politikarar av alle fargar gjeve så mange lovnader om å ikkje leggje ned bibliotek som i kommunereformdebattane dei siste åra. Pessimistar har spådd at tidlegare hovudbibliotek kan ryke i budsjettdebattane i storkommunane, men tidlegast i 2021 (valflesk held seg ikkje kor lenge som helst, men det gjer heller ikkje det kollektive minnet, satsar fleskeprodusentane på).

Men Folkestyre-lista – ei «bompenge-liste» i Nedre Eiker kommune (som blir del av Drammen til nyttår) – vil ifølgje Drammens Tidende alt i den pågåande valkampen «kjempe for at helsestasjon, bibliotek og andre institusjoner skal bli værende i Nedre Eiker.» Er det røyk utan eld, eller?

På bloggen vil vi følgje med på utviklinga der og i andre nye kommunar. Tips oss gjerne på frilanders [at] gmail.com.