Archive for august 6th, 2019

august 6, 2019

Meir av og om kvinner på Wikipedia

Skjermbilde 2019-08-06 13.22.26Avisa Vårt Land skriv 29. juli (på papir og for nett-abonnentar) om prosjektet Rødlenke, «eit internasjonalt prosjekt som sikter på å auka mengda på kvinnelege biografiartiklar og på fleire kvinnelege bidragsytarar. Tittelen referer til korleis lenker til manglande artiklar på Wikipedia har fargen raud. Kvinnelege namn har ofte den fargen.»

Og vi les at «Tidlegare har Wikimedia Norge samarbeida med Oslomet og fått med studentar på bibliotekkarstudiet til å skriva kvinnelege biografiar. Daglig leiar i Wikimedia Astrid Carlsen fortel at det har hatt direkte innverknad på oppslagsverket.» Og vidare at «Pensjonist og tidlegare arkitekt og bibliotekar, Kjersti Lie, er ei av dei kvinnene som frivillig har skrive og redigert artiklar på Wikipedia over lengre tid. Arbeidet hennar på oppslagsverket medførte at ho i 2016 fekk prisen som årets norske wikipedianer.»                     Så bli med!

 

 

august 6, 2019

Yess! Bibliotekkrangel!

Skjermbilde 2019-08-06 12.19.26I dagens Dagsavisen (ikkje på nett) går Rina Mariann Hansen, AP sin kulturbyråd, sterkt ut mot Venstres Hallstein Bjercke, som i same avis 1. august annonserte at dei vil foreslå 100 % bibliotek i nybygget til Nye Deichman i Bjørvika i Oslo. Noko vi skreiv om på bloggen. I tillegg lova han «fem nye barne- og ungdomsbibliotek, Biblo, blant annet på Grorud, Holmlia, Stovner og Majorstua». Men vi gjekk gjennom partiprogramma og fastslo at AP og fleire parti lova varierande grad av styrking av biblioteknettverket i hovudstaden og enkelte nye filialar eller lokalbibliotek, som det no ser ut til (greit nok) å heite i Oslo.

Vi minner om at vi i blogginnlegget også såg på kor mykje meir bibliotek innbyggjarane i Helsingfors har til rådvelde, både i form av nytt, dobbelt så stort hovudbibliotek og dobbelt så mange filialar som i Oslo.

I DA kranglar dei to Oslo-politikarane også om kven som er mest truverdig utifrå tidlegare merittar (også Bjercke var i fleire år kulturbyråd). I denne samanhengen noterer vi ein av dei «beste» eufemismane for valflesk vi nokon gong har sett: Bjerke seier at då han styrte er det «mulig at det teoretisk lå et kutt i lokalbibliotekene langt inne i økonomiplanen». Vi gratulerer!