På heimesida til Design og arkitektur Norge (DOGA) får vi vite at dei «samler kommuner, næringsliv og akademia for å utforme felles prinsipper for smartby-arbeid». Og under Arendalsveka vil dei lansere eit «nasjonalt veikart for smarte og bærekraftige byer og lokalsamfunn». Vi finn ingenting om bibliotek her, men mykje om kunnskap. I ein rapport frå i fjor er behovet for kunnskap for å få smartare byar gjennomgåande, sjølvsagt.
Viktig nytt om utvida bruk av det pliktavleverte
På Nasjonalbiblioteket sin nettstad Bibliotekutvikling.no i dag finn vi viktig informasjon og instruksjon om «ny tilgang til pliktavlevert materiale i norske bibliotek». Til denne utvida bruken av digitalisert materiale i bokhylla.no har NB støtte i den reviderte pliktavleveringslova med nye forskrifter, og eit utvetydig brev frå Kulturdepartementet. Ei utviding som Kopinor og forleggjarane meiner er forkasteleg og som dei hevdar set stoppar for vidare forhandlingar om e-lydbøker i biblioteka (sjå 14.2.: Lars Egeland i Khrono).
Flyktig utlån

Sett, og mobiltelefonisk dokumentert i feb 09
Peter Alsbjer, bloggarkollega aust for Kjølen, byr i dag på ein type utlånsmedium vi ikkje har sett før, nemleg ryggsekk med kikkert og fuglebøker, elegant videopresentert av eit bibliotek i Kanada.
Og så er det jo fredag, og vi kan ikkje stå imot freistinga å kople dette til ein ur-standup-komikar frå Peter sitt heimland. Som tilrår å starte fågelskådandet med utstoppa eksemplar. Her har, som tidlegare omskrive, Moss bibliotek eit potensial.
PS: Denne kategorien lånarar bør få info om fuglesong-appen Whatbird. PS: Heromskogs synst vi han gir vel mange treff på dompap i høve til kor få vi faktisk ser. Kva er det med dompapen?