Bibliotek-nedsnakking til ettertanke

Skjermbilde 2019-08-16 13.04.15

Biblioteket som tidtrøyte. Sthlm stadsbibliotek, juni 2019

>> På den blodferske sida vår på Facebook er det tilløp til debatt om dette temaet. Bli med!

Timbro er ein svensk nyliberal tenketank/forlag/ kursarrangør/you-name-it som vel må kallast «mora» til norske Civita. Dei har også ei bloggliknade side, «Smedjan», med eit innlegg onsdag denne veka om at «Biblioteken klarar sig själva». Bodskapen er at å sleppe til private, frivillige og amatørar måtte bli like bra, og billegare for skattebetalarane sjølvsagt, og då blir ein i alle fall kvitt den politiske einsrettinga (ein gammal svensk offentleg debatt).

Kor nytt og alvorleg dette eventuelt er blir no drøfta blant bibliotekfolket på Biblist, eit nettforum på linje med vårt Biblioteknorge. Ein kommentator meiner det ikkje er så dramatisk, for denne linja «har nog väldigt lite, om något alls, folkligt stöd». Og desse på høgresida kan jo ikkje einsidig preike økonomisk liberalisme, «man måste ju ha ett litteraturperspektiv i bibliotekssammanhang.»

På denne bloggen ser vi likevel grunn til ettertanke når vi les sånt: Timbro-skribenten meiner ein kan oppnå like god «folkbildning» ved å «ge utrymme åt stiftelseförvaltade samlingar, barnbibliotek understödda av civilsamhället, specialiserade eller utmanande bokbytarföreningar, ökad antikvariathandel, och ja, kanske rentav kommersiellt drivna projekt».

Dette seier oss at forfattaren har eit bilete av folkebiblioteket som leverandør av lite viktige tenester og tidtrøyte. Ho trur ikkje, eller har mista trua, på kunnskapsbiblioteket. Og dette er ikkje ein rosabloggar dei har henta inn frå gata, ho er «juridikstudent och vice ordförande för Geijerska studentföreningen i Uppsala». Ho er sikkert ein aktiv bibliotekbrukar på universitetet.

Og vi er redd ho har eit poeng. Vi ser at folkebiblioteket som kunnskapsbibliotek visnar sakte, men sikkert. Om dette held fram blir det ikkje berre nyliberalistar som tenkjer slik.

 

Leave a Reply