>> Saka kom på Dagsnytt18 23. aug., med viktig fråsegn av NBF-leiaren.
Både i går og i dag handlar hovudoppslaga på Klassekampen sine kultursider om ulike problem for dei norske kulturtidsskrifta. I dag, torsdag 22. august, ser dei på følgjene for folkebiblioteka, og dei intervjuar NBF-leiar Mariann Schjeide.
Svaret hennar kan vi kort, men litt polemisk, oppsummere slik: Innkjøpsordninga må biblioteka få behalde, for dei har ikkje råd til å bruke meir på tidsskrift, fordi det er så vanskeleg å måle bruken av dei, og ikkje blir dei mykje brukte heller. Følgjeleg: Vi må prioritere det som synest på statistikken.
Det siste er det ikkje ho som seier, men det er vår svært nærliggjande konklusjon.
Men kan kunnskapsinstitusjonen det norske folkebiblioteket sjå seg sjølv i augo om dei lèt framtida bli slik?
I dagens avis får vi vite kva som kjem i staden for innkjøpsordninga, nemleg at «tidsskriftene kan søke om subsidiering av abonnementer til offentlige institusjoner. Kulturrådet tilbyr seg å subsidiere abonnementene med 75 prosent av ordinær pris.»
Dette er sjølvsagt ein nedtur for biblioteka. Og NBF-leiaren seier det er …