Archive for august 23rd, 2019

august 23, 2019

– Å snakke ut tidsskrift av hyllene skal lite til!

Samanlikna med oppslaget i Klassekampen i går kom det noko nytt og bra ut av det ti minutters innslaget på NRKs Dagsnytt 18 i kveld (frå 50 minutt ut i programmet). NBF-leiar Mariann Schjeide avslutta med det vi skriv i tittelen her: Formidlinga i biblioteket av innhaldet i dei norske kulturtidsskrifta er viktig. Bibliotekarane må snakke tidsskrifta ut av hyllene, «og det skal lite til»!

Her på bloggen skal vi halde fram med å bidra til utsnakkings-dugnaden med konkrete idear. Vi presenterte eit par idear i går og i dag. Vi har fleire på lur. Leve kunnskapsbiblioteket!

august 23, 2019

Toni Morrison i tidsskrifta

Skjermbilde 2019-08-23 09.12.42Når vi først er inne på biblioteka si litteraturformidling og aktuelle spørsmål i tida, så vil vi tru mange hundre tusen i dette landet har merka seg at nobelprisvinnar Toni Morrison døydde for eit par veker siden og at dei no går rundt og tenkjer på bøker dei har lese av henne. Eller at nye lesarar har fått interesse for forfattarskapen. Og mange bibliotek over heile verda har laga utstillingar med bøkene hennar, slik som her i Moss bibliotek.

Men kva med å tipse folk om meir stoff om Morrison og bøkene hennar. Ved i tillegg å leggje ut enkle ark med utval frå trefflister til dømes på relevante norske tidsskriftartiklar i Oria.no. Eller også på engelsk. Som biblioteket sjølvsagt kan skaffe. I Biblioteksøk får vi ikkje skilt ut tidsskriftartiklar, men vi får 197 treff på materiale i norske bibliotek om forfattaren og bøkene hennar, og som lånaren sjølv kan tinge med eit par museklikk.

august 23, 2019

Hugs tidsskrifta (2)

tfs_2019_03_2x.jpgPå bloggen er vi opptekne av lagnaden til tidsskrifta, både i og utafor biblioteka, jamfør ei sak i går, der vi kommenterte ein påstand om at biblioteka ikkje har råd til å betale 25 prosent av det femten abonnement på norske kulturtidsskrift kostar.

Straks etter utgjevinga presenterer vi kort ein ny artikkel eller eit nytt nummer av eit tidsskrift blant dei som har open tilgang i Idunn.no, og som vi meiner bør ha interesse for mange lånarar i folkebiblioteka.

Denne veka kom nummer 3, 2019, av Tidsskrift for samfunnsforskning. Fleire av artiklane grip direkte inn i aktuelle debattar, og vi vil sjå den kommunen der ingen av innbyggjarane vil ha interesse for noko av dette stoffet.

Translate »