Archive for september, 2019

september 25, 2019

Skoletrøytt i Fredrikstad?

Biblioteket i Fredrikstad har den faste spalta Bibliotektipset i lokalavisa. I dag er dei inspirerte av boka “Filmklubben” av David Gilmour om ein far som starta ein filmklubb for sonen og seg sjølv då sonen på femten nekta å gå på skolen.

Bibliotektipset er sjølvsagt å bruke tilbodet Filmbib på den måten.

PS Faste lesarar av bloggen har fått med seg at vi no og då illustrerer innlegg med klipp frå filmar.

september 22, 2019

– De kunne like gjerne byttet ut boka med et spaopphold

Skjermbilde 2019-09-22 14.49.00Dette seier kulturredaktør i Vårt Land, Arne Borge, til Klassekampen i går, 21.9.19. Det handlar om kampanjen «Hele Norge leser», eit av dei største tiltaka i Bokåret 2019.

Borge si innvending er at «Kampanjeinformasjonen vitner om bokbransjens svake selvtillit. Det ser ikke ut til at de tror på bøker. Når de skal forklare hvorfor folk bør lese, viser de til en liste med fordeler som stressreduksjon, konkurransefortrinn og økte sosiale ferdigheter. … Problemet er at de snakker næringslivets språk. De klarer ikke få fram hva som er unikt med lesing. De kunne like gjerne byttet ut boka med et spaopphold på The Well.» Han meiner også at «Estetikken på kampanjemateriellet er … ganske jalla.»

Andre er også kritiske, mens kampanjeleiinga forsvarer vinklinga med at …

read more »

september 22, 2019

Bibliotekaren – aktivist eller funksjonær?

librarian bomber

Librarian bomber. HAFUBOTI/ CC BY-SA 4.0

Ein del norske bibliotekfolk reiser vel framleis til Bokmessa i Göteborg, sjøl om «och bibliotek» ikkje lenger er med i namnet. Foreininga Bis – Bibliotek i samhälle – reklamerer i dag for eit seminar med tittelen «Bibliotekarien – aktivist eller tjänsteman?» fredag 27. september. Arrangør er Bibliotekshögskolan i Borås.

Bis viser til hendingar i Sverige dei siste åra: «Bibliotekarier har i den offentliga debatten uppfattats som aktivister när inköpsförslag nekats för att litteraturen sagts bryta mot förvaltningens värdegrund. JO [justisombudsmannen, vår merkn.] har riktat kritik mot detta då biblioteken ska bidra till kunskapsförmedling och fri åsiktsbildning.»

Sjølv tenkjer vi på kampane mot nedskjeringar i Stockholm for tida. Bloggaren gjorde eit større intervju med ein av aktivistane der i sommar, Alice Thorburn.

september 20, 2019

Målstyring på ein fredag

Hadde eigentleg tenkt å ta helga, men denne gonzoen av Njord V. Svendsen på Khrono må delast: «Mot rikare delmål å trå : Målstyring. Eit sinne sig ut frå seminarrom og opne kontorplassar på universitet og høgskular. Raknar tilliten til kontroll etter 30 år med New Public Management?»

Så skal vi etter kvart diskutere her på bloggen: Ingen snakkar om det, men har verkeleg aldri folkebiblioteket blitt del av New Public Management?

september 20, 2019

Dårleg kultur i Kulturdepartementet

kulturdepartementet slott over slott m txt

Foto: Anders Ericson. Tekst: Henrik Ibsen

«Pinlig somling» er orda riksrevisor Per-Kristian Foss bruker når Dag og Tid denne veka (betalingsinnmurt) fortel han om den manglande oppfylginga av dårlege rutinar med journalføring av dokument og behandling av innsynskrav.

Dette betyr sjølvsagt dårlegare kår for innsyn og offentleg debatt, noko Norsk Presseforbund og Sivilombodsmannen fleire gongar slege fast. Organisasjonane til «debattbiblioteket» burde også meint noko om dette.

Og det er departementet «vårt» som har hovudansvaret, for det var …

read more »

september 20, 2019

Rekordhøg trafikk

Skjermbilde 2019-09-17 12.11.29I dag, 20. september 2019 omlag klokka 8.10, passerte talet på nedlastingar av blogginnlegg resultatet for heile 2018. Vi er no oppe i over 31 500 nedlastingar. Og resultatet for 2018 var ein verkelig sterk auke i høve til dei tidlegare åra. Det er litt færre besøk, men dei har til no i år lese i snitt 2,92 innlegg ved kvart besøk, mot 2,67 i fjor.

Det tyder på interesse for slike ikkje heilt kvardagslege bibliotektema som denne bloggen står for (vi har aldri blogga om til dømes bibliotekuniformar. Opps, der gjorde vi det …).

Samtidig får vi høve til å presentere Trafic, endå ein film av og med Jacques Tati. Men den siste med figuren Monsieur Hulot. Sjå biletet og klikk for å sjå traileren.

september 19, 2019

«Sitronlimonaden» rasistisk?

Skjermbilde 2019-09-19 14.54.10.png

>> Etter denne kommentaren frå Larsen har det vore fleire lesarinnlegg i Klassekampen. Adampour og to andre har sagt seg ueinige.

Dette spør forfattar Dag Larsen seg, på nettstaden til Norsk PEN, der han er leiar av Litteraturutvalget. Forfattarane, Hilde Henriksen og Helena Ohlsson, skildrar «en lojalitetskonflikt mellom en [syrisk, vår merknad] gutt som vil være som alle andre, og en mor som ikke vil være som alle andre norske mødre.» På Dagsrevyen 14. september blei Mina Adampour intervjua då ho har innklaga boka for Likestillings- og diskrimineringsombodet. Ho seier seg «lamslått over denne typen tekst» og mener at den er klart rasistisk».

Men vi siterer Dag Larsen:

read more »

september 19, 2019

God og dårleg offentleg pengebruk

deichman hammersborg magasin

Verkeleg irrgang i magasina på Deichman på Hammersborg

Kronikken i Klassekampen i går var av Chr. Anton Smedshaug, økolog og dagleg leiar av AgriAnalyse, «en faglig premissleverandør og et kompetent utredningsmiljø i spørsmål knyttet til landbruk og politikk». Her er temaet at det kunne gått endå mykje betre med norsk økonomi om omstillinga frå olja var annleis. For «omstillinga» (ja, han bruker hermeteikn) « … synes drevet av kraftforsyning, veier, anlegg og flyttinger/ombygginger av fungerende strukturer.» Der han blant anna spør seg kvifor Deichman skal flytte: «I praksis er man i ferd med å gjøre Oslo nord for Karl Johan til distrikt, til kostnader i timilliardersklassen.»

No kan det hende han ikkje vore på biblioteket på Hammersborg dei siste åra og sett kor umuleg det er å drive moderne bibliotek i dei lokala. Men han gjer det godt igjen når han kjem inn på mulegheitene vi har med oljeformuen:

read more »

september 18, 2019

Hol i ytringsfridomen

Skjermbilde 2019-09-18 23.21.35

Hol, type svart

Høgsterett har forkasta ankane i både Rettspraksis– og Popcorn Time-sakene. Men desse lenkene viser at Rettspraksis.no held fram med å leggje ut rettsavgjerder, for forbodet mot å gjenbruke dei offentlege dokumenta som domane er, vil «berre» gjelde åra 2003 til 2007.

Dei to initativtakarane må betale til saman over 773 000 i sakskostnadar, så vi vil tru innsamlinga på Spleis.no framleis er aktuell. Der har dei stilt opp fleire alternative summar ein kan betale. Eitt alternativ er 16 125 kroner, eller «det samme som det koster for en privatperson å abonnere på LovdataPRO et år» (breitt glisefjes!).

Her på bloggen har vi fulgt saka Lovdata mot Rettspraksis.no sidan i fjor sommar. Og meint at bibliotekorganisasjonane burde støtte dei.

Dette innlegget fann vi kvalifisert til tre taggar: Offentleg innsyn, Opphavsrett og Ytringsfridom.

september 18, 2019

Tidsskriftformidling på bergensk

Skjermbilde 2019-09-18 22.36.02

Tidsskrift? Nei, men Bergen: Utsikt frå Trollhaugen

På Bergen offentlige bibliotek har dei slett ikkje ignorert tidsskrifta. Dei har relativt fyldige presentasjonar på heimesida, som til dømes av tidsskriftet Numer. Og her er det fleire.

Og for nokre år sidan hadde dei fysiske arrangement der dei presenterte tidsskrift.

Har fleire bibliotek noko liknande? Skriv om det i kommentarfeltet.

>> Sjå artiklane her på bloggen i serien «Hugs tidsskrifta».

 

september 17, 2019

Snakke til bibliotekkatalogen?

Blant alle dei spennande arrangementa på Nasjonalbiblioteket i Oslo kom vi tilfeldig over eitt i morgon som ikkje har fått mykje blest: Talegjenkjenning på norsk. Dette er er viktig og handlar om den nære framtida, også i biblioteket. Stikkord: Tilgjengelegheit.

Ser ikkje at det blir handsama spesielt, men dei har vel også tenkt på at vi har to, eller fleire, skriftspråk, og alle dialektane?

Det står at møtet blir sendt direkte, men vil det også kome på video?

september 17, 2019

Lettlest for barn er ikkje kva det var

Skjermbilde 2019-09-17 11.27.31Klassekampen held fram med serien om Lesing i Bokåret, der vi i går fekk høyre korleis barn og unge har mista evna og lysta til å lese lengre tekstar. I dag er avisa på skolebiblioteket på Hauketo skole i Oslo og snakkar med ein lærar som gjerne vil lære ungane vanleg lesing igjen, og med Marte Blikstad-Balas, professor ved Institutt for lærerutdanning og skoleforskning på Universitetet i Oslo, som «ser at det er korte tekster og utdrag som får mest plass i skolehverdagen.»

Og ho set skulda på den nye læreplanen som «sier at tekstene som leses, skal overordnes konteksten. I norskfaget er mange store verk blitt lest kjapt som utdrag for å representere en bestemt litterær periode. Det kan gi mange utdrag og lite dybdelesing.»

Også forfattar og ex-biblioteksjef på Nesodden, Jon Ewo, blir intervjua om lettlestbøkene hans om «Otto Monster» som no blir korta ned for å kunne vere lettleste anno 2019:

read more »

september 16, 2019

– Om vad som sker när hjärnan aldrig får en paus

Apropos det vi akkurat skreiv om at barn ikkje lenger kan konsentrere seg om å lese vanlege bøker. Overskrifta er frå ein ingress på nettstaden Ny Teknik i dag. Det kan vi snart lese om i ei bok, om vi orkar, eller sjå på teater, om vi drar til Stockholm.

september 16, 2019

– Barn orker ikke å lese langt

Skjermbilde 2019-09-16 20.33.47Klassekampen i dag er dette overskrifta på hovudoppslaget på kultursidene. Denne veka varslar avisa at dei skal sjå på korleis det står til med lesinga i Bokåret 2019. Artikkelserien held fram i morgon, og vi kjem til å leggje til litt om dei neste oppslaga nedanfor.

Men i dag er det først Bjørn Sortland, forfattar og professor i skrivekunst ved Norsk barnebokinstitutt, som kjem med inntrykka sine etter å ha vore saman med skoleungar og lese med dei og for dei. Vi siterer:

«I presentasjonen [av Bokåret] framholder Nasjonalbiblioteket, som står bak prosjektet, at «det er en enorm leseglede i det norske folk». Men stemmer det?

read more »

september 16, 2019

Bibliotek og katastrofeberedskap

Den internasjonale bibliotekorganisasjonen IFLA har ei spesialgruppe for Evidence for Global and Disaster Health. Dei har hatt det tredje webseminaret sitt, med foredrag om korleis bibliotekarar kan få kontakt og påverknad når det oppstår slike situasjonar.

Særleg i USA er det fleire gode døme på at bibliotek går sterkt inn med hjelp til offer for naturkatastrofar (typisk orkanen Katrina, 2005) og sosial uro (typisk Ferguson, 2014). Og i Charlottesville i 2017, etter den høgreekstreme demonstrasjonen, var også biblioteka sterkt engasjerte både på universitetet, der mykje av dette fann stad, og i folkebiblioteka. Her har sosiale tiltak vore viktigast, men no skal helsekunnskapen løftast fram som biblioteka sit med.

Translate »