
Gå ned og «Les videre» for forklaring på denne illustrasjonen
Det norske folkebiblioteket har i biblioteklova fleire føringar for å fremje opplysing, debatt m.m., og dermed demokrati. Det meste av dette skjer med utgangspunkt i digitale eller trykte åndsverk, for å seie det slik, tekstar og anna frå forlag og redaksjonar. Men også på andre nivå finst det viktig informasjon for demokratiet, blant anna i korrespondanse osv. registrert i postjournalar.
Den enkelte statsborgaren har rett til innsyn i myndigheitene sin bruk av sine eigne personopplysningar, men ålmenta har også rett til innsyn i mykje av dokumenta i dei politiske og byråkratiske prosessane. Og biblioteket må kunne informere og sikre at folk får nytta desse rettane, spesielt når myndigheitene sjølv, eller pressa, sviktar. Mulegheitene til unnaluring er mange, frå å «gløyme» å journalføre ein pinsam e-post til Elf Aquitaine-skandalane som Eva Joly brukte år på å avsløre.
Dette er så viktig at innsyn lenge har vore ein lovbestemd rett i Noreg og dei fleste landa vi samanliknar oss med (men vi skal ikkje bli kjepphøge; i ei fersk kartlegging kjem Oslo dårlegare ut enn …