Nye verktøy for demokratibiblioteket

24 P

Gå ned og «Les videre» for forklaring på denne illustrasjonen

Det norske folkebiblioteket har i biblioteklova fleire føringar for å fremje opplysing, debatt m.m., og dermed demokrati. Det meste av dette skjer med utgangspunkt i digitale eller trykte åndsverk, for å seie det slik, tekstar og anna frå forlag og redaksjonar. Men også på andre nivå finst det viktig informasjon for demokratiet, blant anna i korrespondanse osv. registrert i postjournalar.

Den enkelte statsborgaren har rett til innsyn i myndigheitene sin bruk av sine eigne personopplysningar, men ålmenta har også rett til innsyn i mykje av dokumenta i dei politiske og byråkratiske prosessane. Og biblioteket må kunne informere og sikre at folk får nytta desse rettane, spesielt når myndigheitene sjølv, eller pressa, sviktar. Mulegheitene til unnaluring er mange, frå å «gløyme» å journalføre ein pinsam e-post til Elf Aquitaine-skandalane som Eva Joly brukte år på å avsløre.

Dette er så viktig at innsyn lenge har vore ein lovbestemd rett i Noreg og dei fleste landa vi samanliknar oss med (men vi skal ikkje bli kjepphøge; i ei fersk kartlegging kjem Oslo dårlegare ut enn …

… blant anna fleire aust-europeiske hovudstader).

Nyheitene i presse og kringkasting frå det offentlege byggjer stadig oftare på etatane sine eigne utspel; telefonar frå PR-kontor, på pressemeldingar og -konferansar og planlagde «lekkasjar». Men framleis også på krav frå pressa om å sjå korrespondansen. Men pressa er ikkje perfekt; ho publiserer sjeldan meir enn utvalde sitat i ei sak, og er heller ikkje ivrig med å lenke til originaldokumenta når det er muleg, nemleg i nettutgåvene. For då fjernar lesarane seg frå sidene med dei klikkbare annonsane, ei viktig inntektskjelde for avisa. Og ikkje minst i lokalpressa er det mange døme på at viktige saker forsvinn i mengda av uviktige, og det same når samfunnsstøtter av ulike slag har svin på skogen.

Skal biblioteka vere verkelege kunnskapsbibliotek og leve opp til dei demokratiske måla, må også dei kjenne til og kunne bruke dei verktøya som finst for innsyn. Folk må kunne kome til biblioteket og be om hjelp til å finne fram i irrgangane.

Nokre av dei viktigaste verktøya vi snakkar om for slikt innsyn i Noreg er:

Skjermbilde 2019-09-02 13.08.28eInnsyn

Heitte før EOP. Initiert av og drivast av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og Oslo kommune. Her kan du søke på dokument til og frå statlege kontor og etatar pluss altså Oslo kommune. Og med utgangspunkt i dette kan du krevje innsyn i konkrete dokument. Dei får du etter eit par dagar på e-post.

Sjå til dømes den nyaste brevvekslinga til Nasjonalbiblioteket. Og tilsvarande til Deichman, medrekna sakspapir og møte. Som ein ser, ligg nokre dokument på opne nettstader og kan her klikkast fram direkte.

Skjermbilde 2019-09-02 13.06.44Innsyn

Ei omtrent tilsvarande teneste utvikla av Fædrelandsvennen og dermed Schibsted, og med støtte frå Fritt Ord. Sjå tilsvarande søk på Nasjonalbiblioteket og Deichman. Per september 2019 verker basen langtfrå så oppdatert som eInnsyn.

Skjermbilde 2019-09-02 13.04.17Norske-postlister

Dette er eit nytt, ein-manns-initiativ med fleire sterke sider som dei andre ikkje har. For det første omfattar tenesta alle norske kommunar. Sjå søk på Nasjonalbiblioteket, på Deichman og Agdenes kommune (fordi dei er først i alfabetet). For det andre er det muleg å gjere ganske avanserte søk. For det tredje får du lenker med direkte tilgang til korresponsdanse som tidlegare er søkt om og «opna» av andre via tenesta Mimes brønn (sjå nedanfor).

Les meir om spesialitetane til Norske-postlister. Ho har blant anna ikkje kosta 44 millionar. Men om du legg inn faste søk, vil det koste noko frå søk nummer tre.

Skjermbilde 2019-09-02 13.13.19Mimes brønn

Her får du opp eit enkelt skjema der du spør ein offentleg etat eller myndigheit om ting dei er lovpålagde å svare på. Og alle brevvekslingane blir så opne for alle å lese. Sjå til dømes sjå kva folk har krevd innsyn i frå Nasjonalbiblioteket. Drivast av den ikkje-kommersielle foreininga NUUG.

Men tru ikkje at desse med opne arkiv er vanlege å bruke av hardbarka journalistar, for dei vil ha avsløringane for seg sjølve, fram til publisering.

Likevel: Desse verktøya bør biblioteka informere om, og dei som går på internettkurs på biblioteket bør få same informasjon. Så først må då bibliotekarane lære om verktøya.

Skjermbilde 2019-09-02 19.16.00Men når vi ser på det elles utmerka nettkurset «23 offentlige ting», som er retta mot bibliotekarar, så finn vi ingen ting om publikums rett til innsyn i offentleg korrespondanse av den typen vi har skildra ovanfor. I kapittel 6 Altinn og Brønnøysundregistrene» les vi at «Altinn gir også innsynstjenester i offentlige registre og meldinger fra offentlige etater», og det stemmer for førekomstar av eigne personopplysingar, men det er berre ein flik av dette.

Så vi foreslår her og no at kurset utvidast med det vi har skrive om her. Viss ikkje blir kurset mest berre på myndigheitene sine premiss. Og at kurset døypast om til «24 offentlige ting» 🙂

PS: Ein kjepphest her på bloggen er at «offentleg informasjon» er eit for snevert omgrep for bibliotek å operere med. I boka « … videst mulig informasjon» i 2001 introduserte vi to meir eller mindre nye omgrep for å sprenge grensene og medvitet hos bibliotekarane; samfunnsinformasjon og motinformasjon. Det er atten år sidan, men det er nok framleis aktuelt. Kanskje meir enn før.

3 Responses to “Nye verktøy for demokratibiblioteket”

  1. Her er et eksempel på krav om innsyn i virksomheten til et universitetsbibliotek:

    https://www.mimesbronn.no/request/universitetsbibliotekets_brukerp

  2. Her er et eksempel på krav om innsyn i et universitetsbiblioteks virksomhet:
    https://www.mimesbronn.no/request/universitetsbibliotekets_brukerp

Trackbacks

Leave a Reply