Archive for september 5th, 2019

september 5, 2019

Lesegang

mallorca palma lesing

Det er lov å ta pausar. Palma, Mallorca

Lediggang er rota til alt vondt, heiter det jo, men lesegang skal ifølgje wikien How To Do Anything vere det heilt motsette. Nettkurset deira i å lese mens du går har gode råd til begynnarar i faget, som at du bør tørrtrene før du gjev deg ut i trafikken. Og at den tryggaste metoden kanskje er lydbok …

Sjølv har vi lesegått med lydbok gjennom New Zealand på langs, fortalde ein treningsklokke-app oss. Og for nokre år sidan hadde vi gleda av å kunne takke Jon Michelet for at lydbøkene hans om skogsmatrosen hadde halde oss i fysisk aktivitet i eit par hundre timar. Ein type litterær tilleggsverdi han skal ha nemnt i eit foredrag.

september 5, 2019

Sagt om biblioteket: Knut Hegna

Skjermbilde 2019-09-05 16.32.11

Langsiktig affære. Men vakker. Frå NRK si sakte-TV-sending frå Veslemannen i Romsdal 5. september 2019 kl 16.32.

Hegna skreiv i ein kommentar til bloggintervjuet vårt med Michael Gorman i Chicago i 2017:

«Bibliotek er en svært så langsiktig affære og det syns jeg ofte blir glemt i støyen rundt makerspace, kaffe, vafler, utlån av verktøy, sportsutstyr og merkelig kassasjonspolitikk.»

september 5, 2019

WHO stør Plan S

Dette kan vi i dag lese i The Scientist. «Vi har fleire utfordringar, og vanskeleg tilgang til forsking er ei av dei», seier ein universitetsdirektør i Tanzania, eit land og ei verdsdel der fri tilgang vil bety ein verkeleg stor skilnad.

september 5, 2019

God pressedekning av nasjonal strategi, men …

… ikkje bibliotekstrategien.

Biblioteka har ein veg å gå med norsk presse. Oppslaga frå lanseringa av bibliotekstrategien måndag var alle baserte på NTB eller NPK sine svært korte meldingar, som igjen bygde direkte på Kulturdepartementet si pressemelding*. Mens pressedekninga frå lanseringa av regjeringas nasjonale spelstrategi alt i løpet av eit døgn har fått ganske brei og variert dekning. Men vi likte at lanseringa fann stad på Bergen offentlige bibliotek. 

* Vi ser no at den fleirkulturelle nettportalen Utrop.no likevel kan ha vore på lanseringa av bibliotekstrategien. I alle fall har dei ei litt eiga vinkling.

september 5, 2019

Ikkje falske, men PR-pynta nyheiter

Skjermbilde 2018-08-22 15.39.56Det er altså valkamp, og i Kommunal Rapport les vi om Trygve Slagsvold Vedum: «Sp vil nekte staten å bruke PR-rådgivere.» Og vidare: «Staten har i første halvår brukt 350 millioner kroner på «konsulenttjenester til organisasjonsutvikling og kommunikasjonsrådgivning». Burde vært 0, mener Sp.»

To spørsmål: Kor ofte går ei statleg eller kommunal myndigheit eller kontor ut og seier eller skriv noko som kan tolkast som negativt om dei sjølve? Nei, for dei har gode, og dyre, PR-rådgjevarar. Førekjem det at ei statleg eller kommunal myndigheit eller kontor gjer noko som er negativt for personar, grupper, samfunnet, miljøet osv.? Treng vi svare?

Pressa og interessegrupper får korrigert noko av denne «kommunikasjonen», men langtfrå alt. Kva om biblioteka hadde fått litt av dei 350 millionane i dette hausthalvåret til den no strategiske oppgåva å motarbeide falske fakta?

Dei kunne då fått råd til å samarbeide i nettverk om å leggje ut litteraturtips og motinformasjon på heimesidene sine.

september 5, 2019

Om du meiner kunstig intelligens er heilt 2018

Gå på Kvantedatamaskiner og tingenes internett i Oslo 26. september.

OBS: Arrangøren har ikkje makta å datamaskinkvantifisere talet på sitjeplassar og mat til lunsj, så dei ber om påmelding på e-post så snart som muleg, og seinast 22. september.