Archive for september 9th, 2019

september 9, 2019

Ikkje falske, men veike

Journalistane her i landet er i liten grad falskenspelarar (det heiter visst ikkje dét, men eg lar det stå. Taskenspelar derimot …). Men mange er veike. Blant anna er det «altfor få journalister [som] spør politikerne hvor pengene skal komme fra og hva som må vike.» Det same har bloggaren tenkt fleire gongar særleg dei siste vekene med valkampdominans i media. Og her kan vi lese det i Journalisten sitt intervju i dag med Hilde Øvrebekk Lewis, journalist og kommentator i Stavanger Aftenblad.

Så når eit bibliotek formidlar nyheiter, er det veike dei er. Nyheitene.

september 9, 2019

– Endeleg skal biblioteka legge vekt på å låne ut bøker, og ikkje berre få folk inn dørene

Skjermbilde 2019-09-09 16.20.04Dette er ein undertittel i Vårt Land laurdag og gjev uttrykk for forfattar og bibliotekar Lars Petter Sveen si tolking av den nye nasjonale bibliotekstrategien. Han konkluderer slik:

« … der bokhandlarane kan gi plass til bestseljarar og pocketbøker, er det oppgåva til biblioteka å få oss til å ville lese alle bøkene vi har på vårt norske språk, gamle som nye, stygge som pene. Dette er grunnsteinen i biblioteket, og grunnen til kvifor biblioteket er sentralt i vårt demokratiske samfunn. Store ord, men biblioteka vart til for at allmugen skulle få tilgang til det skrivne ord.

Eit godt bibliotek har ikkje ei stor støvete samling. Eit godt bibliotek har ei stor samling som stadig er lånt ut. Derfor ­jublar vi for den nye nasjonale bibliotekstrategien.»

september 9, 2019

Lydbokløft i Danmark

Skjermbilde 2019-09-09 15.19.09

>> OBS: Sjå interessante kommentarar nedanfor om Nasjonalbiblioteket sin e-bokstatistikk for 2018

Det har gått opp og ned med «utlånet» av e-bøker og e-lydbøker i Danmark, men no går det opp. Dette melder i alle fall Netbib sjølv, dei som samlar dei ulike digitale folkebibliotektenestene. I juli lytta danskane til 287 000 e-lydbøker frå biblioteket, noko som er månadsrekord. I same periode leste danskane 161 000 e-bøker. Dette er ein auke på 23 prosent for lydbøker og 32 for e-bøker, og talet på unike brukarar er no over 430 000.

Det går rykte om positiv utvikling også i det herverande tidlegare danske lydriket, men vi får vente og høyre. For vi har høyrt det før, for å seie det med Alf Prøysen.

I mellomtida kan vi sjå korleis danskane har marknadsført eReolen sin den seinare tida. Særleg til danske «teenagers» har det vore viktig «at blive endnu sjovere.»

PS: Dei norske tala for heile 2017 var 22 000 e-lydbøker og 642 000 e-bøker. Statistikken for 2018 har vi enno ikkje sett noko til. Og det er akkurat ein månad sidan i dag at Vidar Lund fekk til svar på Bibliotekutvikling.no at «Den offisielle statistikken frå NB kjem snart.»

Translate »