Archive for september 10th, 2019

september 10, 2019

Bokhylla.no og gratisprinsippet, ikkje så enkelt

ekkonrkI Ekko på NRK P2 i dag (10.9. 2019) kom første innslag i ein serie om Google. Innslaget har namnet Google – selskapet som ble et verb, og vi fekk høyre om oppstarten frå 1998 og utover og enda opp med Google Books, det himmelstormande prosjektet frå 2002, der dei ville samle og digitalisere all kunnskap i verda. Og tilby han fritt, gratis, til alle.

Men dette var, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre i programmet, biblioteket sin idé. Hugs berre biblioteket i Aleksandria, om enn ikkje digitalt den gongen. Og han samanliknar Google Books med Bokhylla.no, som Nasjonalbiblioteket driv i dag. Til skilnad frå det monopol-søkjande, kommersielle Google skulle det i Noreg skje etter reglane for det norske litterære systemet; forfattarane skulle få betalt og det skulle skje under kontroll av biblioteka.

Men ein viktig del av det litterære systemet vårt er også at bibliotekutlån er gratis, noko også Bokhylla.no er. Men det kunne gått annleis:

read more »

september 10, 2019

Patentar: Nils Pharo startar viktig debatt

I Khrono.no i dag er professor Nils Pharo ved Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag på OsloMet på banen og protesterer «mot forskning som gjør forskerne rike.» Han er for å gje meir av kontrollen med patentar til samfunnet, og ikkje til forskarane personleg.

Han er «bekymret for at utviklingen går i feil retning, der private legemiddelfirma utnytter offentlig finansiert forskning, for deretter å selge medisin så dyrt at mange ikke har råd til den. — Nå får vi også styringssignaler som sier at vi må tenke kommersielt. Men jeg synes det er interessant å reflektere over noe av det paradoksale ved det.»

Khrono intervjuar også professorar og direktørar som er «i utgangspunktet ikke uenig med Pharo.» Men …

Vi følgjer debatten ved blant anna å lenke til nye oppslag nedanfor her: