Foredrag av Chris Anderson om å halde foredrag. Klikk og kikk (ikkje USN dette)
Kunnskapsbiblioteket i praksis: Formidling av foredrag av forskarar har Universitetet i Sørøst-Norge (USN) og folkebiblioteka i Buskerud, Telemark og Vestfold alt halde på med nokre år: «Folkebibliotekene er selv ansvarlige for å gjøre en avtale med den aktuelle foredragsholderen. Universitetet i Sørøst-Norge betaler et honorar til foredragsholder, mens bibliotekene selv må betale eventuelle reiseutgifter og opphold for foredragsholderne de lager avtaler med.»
Såg i ei svensk avis i juli at ein av dei aller mest kjende og elska forfattarane i Finland, Claes Andersson, var død. I norske aviser berre nemnt i Klassekampen, av den finske spaltisten som skriv om eit eller anna stort og smått frå .fi ein gong i månaden, ikkje i Bokmagasinet. Medbloggar Mika gjekk god for han i ein e-post. I norske bibliotek finst 6 av titlane blant dei i alt 9 romanane og 27 diktsamlingane hans. «Hjärtats rum. Valda dikter 1962 – 2012» blei fjernlånt frå Norges arktiske universitetsbibliotek. Snart ledig no.
I Finland er Dag Solstad ein ikkje-forfattar. Medbloggaren er tipsa.
Vi held fram med å promotere seriøse norske tidsskrift, for vi reknar med at folkebiblioteka no førebur seg på auka og betre formidling av denne typen aktualitetsinnhald, etter det leiaren i Norsk Bibliotekforening signaliserte i Dagsnytt18 nyleg.
Denne veka kom det nytt nummer av Edda, Nordisk tidsskrift for litteraturforskning, ein verkeleg veteran i den norske tidsskriftfloraen, med oppstart i 1914. Og her kan vi blant anna lese «hvordan Jan Kjærstads roman Berge (2017) er knyttet til 22. juli-terroren og hvordan den tar del i en pågående kollektiv bearbeidelsesprosess.» Og ei bokmelding av antologien «Fantastisk litteratur for barn og unge» som kom i fjor: « … en innholdsmessig rik og variert innføring i hva fantastisk litteratur for barn og unge er og kan være nå.» Og heile greia er Open Access.
Og hugs: No er tidsskriftartiklar søkbare i Oria.no. Gode, gamle Norart-basen skal vere integrert der, pluss løpande tilvekst.